Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rhône

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhône
elv
Rhône fråValais tilGenfersjøen
Land Sveits, Frankrike
Nedslagsfelt98 000 km²
Lengd813 km
Areal54 km²
Vassføring
  middel1 710 /s
  maks13 000 /s
  min360 /s
Kjelde Rhônebreen
Munning Middelhavet
 - koordinatar43°19′51″N4°50′44″E /43.33083°N 4.84556°E /43.33083; 4.84556
Kart
Rhône
46°34′27″N8°22′49″E /46.5742°N 8.3804°E /46.5742; 8.3804
Nedslagsfeltet til Rhône
Nedslagsfeltet til Rhône
Nedslagsfeltet til Rhône
Wikimedia Commons:Rhône River

Rhône er ei av dei store elvene iEuropa, som renn gjennomSveits ogFrankrike. Elva har ei lengd på 812 km, der 231 km av ho renn i Sveits, medan 581 km er i Frankrike.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Rhône (fransk) er kjend somRòseoksitansk,Rônofrankoprovençalsk,Rhone på standardtysk ogRottenValais-tysk.

Ordet «Rhône» kjem av detlatinske ordetRhodanus, som igjen kjem av det greske ordet οδανός (Rhodanos), og dette er igjen ei gresk utgåve av detgalliske (keltiske) namnet på elva. Grekarane høyrde dette namnet då dei hadde ein koloni iMassalia (Marseille). Det keltiske namnet på elva, som er noko slik somRodo ellerRoto og tyder «ho som rullar» eller «ho som renn», er eit mykje brukt namn på elver i gamalt keltisk språk. Dette var òg namnet på den lågare delen av elvaSeinen, i tillegg til fleire andre elver i vestlege område av Europa. Dette keltiske namnet kjem frå denurindoeuropeiske rota *ret- («å renne, rulle»), som gav ordetrota («hjul») på latin, som er opphavet til ordet «rotere» og «rulle».

Byrjing av Rhône frå Rhônebreen iValais

Enkelte hevdar at rotarot- ellerrod- som ein finn i namnet «Rhône» og fleire andre elver i Europa, og som ser ut til å ha hatt tydinga «elv», eigentleg erpre-indoeuropeisk. Då vil det berre vere tilfeldig at det liknar det proto-keltiske verbetreto («å renne»).

Elveleie

[endre |endre wikiteksten]

Elva har utspring fråRhônebreen iValais iSveits, iSaint-Gotthard-massivet i ei høgd på 1 753 m. Opp tilMartigny i Sveits, er Rhône strid, og vert så ei stor fjellelv som renn sørvestover gjennom ein bredal. Så snur ho nordvestover og går ut fråAlpane og strøymer gjennomGenfersjøen, før ho går inn iFrankrike. I løpet av eit år renn det i snitt 570 m³/s[1] fråGenfersjøen.

ElvaSaône renn inn i Rhône vedLyon, før dei går sørover. Andre elver som renn ut i Rhône erCevennane-elveneEyrieux,Ardèche,Cèze ogGardon på høgresida, ogIsère,Drôme,Ouvèze ogDurance på Alpesida.

VedArles deler Rhône seg i to delar, og dannarelvedeltaetCamargue, der alle delane renn ut iMiddelhavet. Ein arm vert kalla «Grand Rhône», og den andre «Petit Rhône». I året strøymer det i snitt ut 2300 m³/s ved Arles[2].

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Før ein hadde jarnbanar og bilvegar, var Rhône ei viktig transportåre i dei indre områda og knytte saman dei tidlege tekstil- og handelsbyaneArles,Avignon,Valence,Vienne ogLyon med MiddelhavsbyaneFos,Marseille andSète. Elva Saône knyter byar somVillefranche,Macon ogChalons til Rhône. Mindre fartøy kan reise lenger nordvest, nord og nordaust, via Centre-Loire-Briare- og Loing-kanalane til elvaSeine, via Canal de la Marne à la Saône til elvaMarne, via Canal des Vosges til elvaMoselle og via Canal du Rhône au Rhin til elvaRhinen.

Rhône er kjend for sine strie straumar når elva er stor, og stundom kan ein få ein straumfart på opp til 10 km/t.

Byar langs Rhône

[endre |endre wikiteksten]
Rhône (venstre) møterelva Arve iGeneve iSveits.

Sideelvar

[endre |endre wikiteksten]
Brua over Rhône iAvignon

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Rhône
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rhône&oldid=3539176»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp