Revivim | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Ramat HaNegev | ||
Koordinatar | 31°2′37.01″N34°43′16.38″E / 31.0436139°N 34.7212167°E /31.0436139; 34.7212167 | ||
Folketal | 1 094(2021)[1] | ||
Grunnlagd | 7. juli 1943 | ||
• Grunnlagd av | Europeiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Revivim 31°02′37″N34°43′16″E / 31.043613888889°N 34.721216666667°E /31.043613888889; 34.721216666667 | |||
Wikimedia Commons: Revivim |
Revivim (hebraisk skrift רְבִיבִים, tyder 'Regnbyer') er einkibbutz iNegevørkenen sør iIsrael. Han ligg kring ein halvtime sør forBeersheba og høyrer tilRamat HaNegev regionale kommune. Han har eit folketal på kring 800.
Samfunnet vart danna i 1943 iRishon LeZion med hjelp av den britiske regjeringa og ungeimmigrantar fråAusterrike,Italia ogTyskland, som alle var medlemmar avHaNoar HaOved VeHaLomed og som hadde fått opplæring ved kibbutzenGivat Brenner. Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 7. juli 1943 som ein av Dei tre utkikkspunkta, og heitte førstTel HaTzofim (tyderSpeidaråsen). Han fekk seinare namnet Revivim avBerl Katznelson etter magasinet derYosef Haim Brenner var redaktør (og som Givat Brenner vart kalla opp etter). Namnet er òg henta frå Bibelen og Salme 65:11: «Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, medregnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde.»[2]
Nær kibbutzen stårMizpe Revivim (tyderRevivim-utkikken), eit museum som syner historia til «utkikkspunktet» og hendingane underden arabisk-israelske krigen i 1948 nord i Negev.[3]