Ein amerikansk marinesoldate viser respekt for ein fallen medsoldat.
Respekt,vyrdnad ellerage (frå latinrespicere, 'sjå seg attende, ta omsyn til') er ei kjensle eller opptreden der ein viser age eller vyrdnad for personar, grupper, stader, ting eller omgrep. Ein kan visa nokon respekt som likeverdig eller som høgare enn ein sjølv, til dømes i møte med einautoritet. Det motsette av respekt kan veraforakt eller respektløyse.
På eit grunnleggjade plan kan ein snakka om å respekteramenneskeverd og menneske somautonomeindivid. I sosiale samanhengar kan ein visa folk respekt på grunn av høvet, stillinga ein sjølv og dei er i og så vidare. Ein forventar ofte også respekt i særskilde samanhengar, til dømes i høve tilnasjonale ogkongelegesymbol,religiøse uttrykk ogsakralbygg, alvorlege markeringar ogseremoniar. Respekt kan også vera viktig i høve til einskildmenneske.
Nokre måtar å visa respekt på er gjennom gestar som åhelsa, gjerahonnør,bukka,neia,nikka,knela, reisa seg eller bli ståande. Ein kan bruka høflege tiltaleformer og frasar, unngå uttrykksformer som kan oppfattast som krenkande eller respektlause, eller ganske enkelt lyttahøfleg. Andre måtar å uttrykka respekt på kan vera ved å la vera å gjera noko, som å verastille eller unngå upassande merknadar, nærgåande spørsmål eller overdrivne gestar. Ein kan også visa respekt gjennomklesdrakt, som å kle seg som forventa til eit særskild høve, dekka til delar av kroppen eller ta av seghovudplagg ellerskor i visse bygningar eller rom.