Republikken Kina,kinesiskZhōnghuá Mínguó, i dag oftast omtalt somTaiwan, er ein stat som omfattar øyaTaiwan iStillehavet og nokre mindre øyar, blant deiPescadorerna,Jinmen ogMazu. Republikken Kina gjer også krav på det kinesiske fastlandet, som sidan 1949 har vore kontrollert avFolkerepublikken Kina.[1] Om lag 22 millionar innbyggjarar bur på Taiwan som er kontrollert av Republikken Kina.
Den provisoriske hovudstaden til Republikken Kina erTaipei, og regjeringa har hatt sete her sidan 1949. Offisielt vert byenNanjing på fastlandet, som no er ein del avFolkerepublikken Kina, rekna som hovudstaden.
Republikken Kina vart grunnlagd etter at keisardømet fall i 1911. NasjonalistregeringaGuomindang kontrollerte det meste av Kina fram til 1949. Etter ein langvarig krig fekk dei kinesiske kommunistane kontrollen over det meste av Kina. Guomindang-regjeringa under leiing avJiang Jieshi flykta då til øya Taiwan. Republikken Kina gjer krav på å representere heile Kina, og styret der var internasjonalt godkjent som lovleg representant for Kina heilt fram til 1971, då republikken mista Kina sin plass iFN til fordel for Folkerepublikken Kina.[2]
Korkje regimet iBeijing på fastlandet eller Guomindang-partiet på Taiwan godtek at Taiwan er ein eigen stat, og begge gjer krav på å representere heile Kina. Andre taiwanesarar vil heller at Taiwan skal vere eit sjølvstendig Taiwan, men ikkje gjere krav på å representere heile Kina, slik namnet «Republikken Kina» framleis er eit tydeleg signal om.