Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Reiparbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippet for ein reiparbane.

Reiparbane (etterlågtyskreperbane[1]) er ein fabrikk eller ei innretning der fiber vert tvinna saman tiltau, reip og trosser. Tidlegare var dei vanlegaste fibrahamp ogsisal, no vert det for det meste nytta kunstfiber. Trosser kan vere tvinna saman av to kordelar (toslått), tre (treslått, som er det vanlegaste), eller fleire. Fibra vert tvinna saman så fast at tvinninga ikkje gjekk så lett opp att etter at tauet var ferdig. Dei eiskilde linene som tauet vert tvinna av, kordelane, er òg tvinna, og prinsippet for tauproduksjon kan i det store og heile samanliknast med framgangsmåten som vert nytta når vert laga tråd til klede avull,linfiber eller anna fiber.

I tidlegare tider vart arbeidet med å slå tau gjort for hand. Men med tida vart det utvikla innretningar eller maskinar med tannhulsdrev som sytte for at tvinninga vart jamn. Bygningane som vart nytta til reiparbanar i seilskutetida er særs lange, då det vart kravd ei strekning på om lag 400 meter å strekkje ut kordelane på for å få eit langt nok ferdig tau. I land der vêrtilhøva gjorde det mogleg, har det òg vore reiparbanar som stod i friluft.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «reiparbane» iNynorskordboka.
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2023
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Reiparbane&oldid=3496345»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp