Reims er ein by iregionenChampagne-Ardenne i Nord-Frankrike, 144 km nordaust forParis. Han vart grunnlagd i perioden underRomarriket. I 1999 var der 187 206 innbyggjarar i Reims, medan storbyområdet hadde 291 735 innbyggjarar.
Reims vert ofte rekna som hovudstad iChampagne, ein gamal provins i Frankrike og verdskjend for den musserande vinen (Champagne). I dag er Reims derimot berre den største byen i regionen.
Reims ligg på ei slette ved den høgre breidda til elvaVesle, ei av sideelvane tilAisne, og ved kanalen som knyter Aisne til elvaMarne. Sør og vest for Reims ligg dei vindruekledde åsaneMontagne de Reims.
KatedralenNotre-Dame i Reims vert rekna som ein av dei viktigastegotiskekyrkjene i Frankrike. Frå1100-talet til det1800-talet var katedralen staden der dei franske kongane vart krona. Katedralen har frå1991 saman medPalaie du Tau ogBasilika Saint-Rémi vore påUNESCO siverdsarvliste.
Erkebiskoppalasset vart bygd mellom1498 og1509. Her budde dei franske kongane under kroningsfeiringane. Dei kongelege bankettane vart halde isalle du Tau. Denne salen har ein enorm kamin, medaljongar av erkebiskopane i Reims, og portrett av fjorten kongar som er krona i byen. Frå1972 har palasset vore eit nasjonalt museum.
Nest etter katedralen er dette det viktigaste kyrkjebygget i Reims. Det er kalla opp etterSankt Remigius frå400-talet. Basilikaen, som nesten er like stor som katedralen, høyrte til eitkloster. Basilikaen vart bygd over lang tid.Krypten stammar frå1000-talet,koret frå1100-talet,Apside frå1200-talet og det sørlege tverrskipet frå1400-talet. Som andre franske kloster vart òg dette plyndra og stengd under den franske revolusjonen. Helgengrava er ein rekonstruksjon av nyare dato.
Reims er, saman medÉpernay ogAy, eit senter forchampagneproduksjon. Mange av dei viktigaste produsentane (les grandes marques) har hovudkvarter i Reims. Dei fleste er tilgjengelege for prøvesmaking og omvising. Champagne modnar seg i hòler og tunnelar under Reims.
Keltarane grunnla om lag80 f.Kr.Durocortorum i området der Reims i dag ligg. Etter den romerske erobringa vart staden kallaCivitas Remorum og vart lokal hovudstad.
Området vart kristna i seinromersk tid, og byen vart eit bispesete.
Under napoleonskrigane i1814 vart Reims inntatt fleire gongar. I åra1870-1871, under den fransk-prøysiske krigen, var Reims eit tysk hovudkvarter.
I 1909 varLouis Bleriot deltakar på det første internasjonale flystemnet, som vart halde her.
Byen vart sterkt skada underførste verdskrigen. Katedralen vart skada og måtte restaurerast. Basilikaen måtte byggast opp at frå ruinane i dei neste 40 åra. Underandre verdskrigen var det igjen øydeleggingar.
GeneralEisenhower og dei allierte tok imot den vilkårslause kapitulasjonen av den tyske hæren. Kapitulasjonen vart underteikna i Reims.