Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Regn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regn

Regn er ei form fornedbør, og oppstår nårvassdropar fell fråskyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og tilfordampe før dei når overflata. Dette blir kallavirga, eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenområde. Regn oppstår som følgje avkondensasjon og veks ved hjelp avkoalesens og ein prosess kallaBergeronprosessen.

Regn i naturen

[endre |endre wikiteksten]
Regnbyge i Danmark

Vasskrinslaupet

[endre |endre wikiteksten]

Regn har ei stor rolle ivasskrinslaupet, derfukt frå havet fordampar og kondenserer til skyer, for så å falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem òg frå vegetasjon.

Måling av regn

[endre |endre wikiteksten]

Regnmengda blir målt med einnedbørmålar, og vanlegvis uttrykt i millimeter. Nedbøren blir målt i løpet av ein tidsperiode, som regel 12 eller 24 timar (eit nedbørdøgn). Visst det kjem 1 mm regn på 1000 m2 svarar det til 1 m3 eller 1 tonn vatn. 1 mm regn fordelt på ein kvadratmeter er altså 1 liter vatn. I Noreg blir nedbørmålarane tømt til faste tider kvar dag og vidareformidla tilMeteorologisk Institutt. I tillegg har ein automatiske nedbørmålarar (pluviometer) som registrerer nedbøren fortløpande.

Form og oppbygging

[endre |endre wikiteksten]

Fallande regndropar blir ofte teikna som ei tåre — runde i botn og smalare på toppen — men dette er ikkje rett. Berre dropar som dryp frå ein lekam er tåreforma i det dei blir danna. Små regndropar er nesten runde, medan større dropar er heilt flate med same form som einhamburgar. Svært store regndropar har form som einfallskjerm.[1] Philipp Lenard studerte forma på regndropar i1898. Han fann ut at små regndropar (mindre enn 2 mm i diameter) var så godt som sfæriske, og jo større dei blei (til om lag 5 mm i diameter) jo flatare vart dei. Vart dei større enn 5 mm blei dei ustabile og delte seg opp. I snitt er regndropar 1 til 2 mm i diameter. Dei største regndropane som er registrert var så store som 10 mm, mellom anna iBrasil og påMarshalløyane i2004. Dette blei forklart ved kondensasjon på store røykpartiklar eller ved kollisjon mellom dropar i små område med store mengder flytande vatn.

Regndropar

Regndropar treffer bakken medterminalfarten sin som aukar med dropestorleiken. I havnivå utan vind vilyr med ein dropestorleik på 0,5 mm ha ein fart på om lag 2 m/s, medan dropar på 5 mm har ein fart på rundt 9 m/s.

Generelt har regn einpH like under 6. Dette kjem av at atmosfæriskkarbondioksid blir løyst opp i vassdropane og dannar små mengder medkolsyre, som senkar pH-verdien. I enkelteørkenområde kan støv i lufta føre tilkalsiumkarbonat i dropane som nøytraliserer syra, slik at regndropane kan bli nøytrale og til og medbasiske. Regn med pH under 5,6 blir rekna somsur nedbør.

Regn og lyn

[endre |endre wikiteksten]

Av og til kan ein merke at det regnar kraftigare like etter eitlynnedslag. Dette kjem avbipolaspektet i vassmolekyl. Det intense elektriske og magnetiske feltet som lynet genererer tvingar vassmolekyla i den nærliggande lufta inn i rekkjer. Desse molekyla dannar då trådar med vatn, og når det elektriske og magnetiske feltet forsvinn, dannar desse vasstrådane dropar som så fell som intenst regn.

Klassifisering

[endre |endre wikiteksten]

Ein kan klassifisere regn på forskjellige måtar. Regndropar som er mindre enn 0,5 mm i diameter og fart på rundt 2 m/s eller mindre vert kallayr. Yr kan igjen kategoriserast som lett, moderat eller kraftig, alt etter sikten. Større dropar, eller mindre dropar med stor avstand mellom seg, blir klassifisert som regn. Dette kan igjen kategoriserast som svakt, moderat eller kraftig, alt etter mengde og sikt.

I Noreg, og i nokre andre land, definerer ein òg nedbør etter kva skyer dei fell frå. Regn fell då fråstratiforme skyer, særlegstratus ogaltostratus som då blir kallanimbostratus om det fell regn frå dei. Desse skyene og regnet som kjem frå dei dekker ofte store område, og kan vere relativt langvarig. Regn som fell fråcumuliforme skyer vert kalla regnbyer. Regnbyer er ofte lokale og varer kanskje berre eit par minutt. Enkelte byger kan derimot vere svært kraftige, særleg i samband medtorevêr. Ofte kan det vere lange periodar med opphald mellom byene, men med stor skytettleik kan byene kome med korte mellomrom eller gå over i kvarandre.

Vedvarande regn kan føre tilflaum over store område, medan kraftige byger kan føre til brå, lokale flaumar.

Av og til kanunderkjølte vassdropar falle frå skyer somunderkjølt regn. Når desse dropane, som har temperatur under frysepunktet, treffer bakken vil dei momentant fryse til is.

Effekt på jordbruk

[endre |endre wikiteksten]

Nedbør, og særleg regn, har ein stor effekt påjordbruk. Med få unntak treng alle planter litt vatn for å overleve. Både for mykje og for lite regn kan derimot vere skadeleg og øydelegge avlingar.Tørke kan ta livet av store avlingar, medan svært vått vêr kan føre til sjukdom og skadelegsopp. Forskjellige planter treng forskjellige mengder regn for å overleve. Einkaktus treng til dømes svært lite vatn, medan tropiske planter vanlegvis treng hundrevis av millimeter for å overleve.

Menneskeleg påverknad

[endre |endre wikiteksten]

Forureining frå menneskelege kjelder, som til dømes bileksos, dannar småkondensasjonskjernar som kan føre til auka skydekke og dermed auke sjansen for regn. Trafikk fører til auka forureining gjennom ei vanleg veke, og dette gjer at sjansen for regn òg aukar. I urbane strøk er derfor ofte laurdagen den dagen i veka det regnar mest, fordi forureiningsmengda har samla seg opp i løpet av dei fem arbeidsdagane. Spesielt gjeld dette i kystnære område. I store byar på austkysten av USA er det 22 % større sjans for regn på laurdagar enn på måndagar.[2][3]

Lukta etter regn

[endre |endre wikiteksten]

Lukta ein stundom kan kjenne etter regn vert kallapetrichor og kjem frå ei slekt avaktinobakteriar,Streptomyces, i ordenenActinomycetales. Lukta kjem mellom anna avgeosmin, eit alkoholprodut desse jordbakteriane lager når dei blir tilført væte etter tørke. Noko av lukta kan òg kome frå plantemateriale etter ein lengre tørkeperiode, til dømes planteolje dei sondrar ut for å verna seg mot uttørking.[4] I torevêr kan òg lyn gje opphav tilozon som gjev lukt før regnet kjem.

Petrichor kjem av dei greske ordapetra, som tyderstein, ogichor, som i følgje gresk mytologi er den eteriske væska som flyt i årene til gudar.[5]

Kunstig regn

[endre |endre wikiteksten]

Det har vore mykje diskusjon om det er mogeleg å danne kunstig regn, ein teknikk som blir kalla «å så skyer». I følgje denne teorien kan ein sprøyte kjemikaliar somsølvjodid ellertørris inn i skyer og små vassdropar vil så fryse på desse partiklane. Desse vil så falle ned til jorda og smelte på vegen.

Regn i kulturen

[endre |endre wikiteksten]
Rue de Paris, temps de pluie (1877) avGustave Caillebotte.

Mange stadar i verda, og særleg i den vestlege verda, blir regn ofte sett på som noko trist og negativt, i motsetnad til sol. Enkelte meiner derimot at regn kan vere avslappande og koseleg. I tørre område av verda set ein derimot som regel stor pris på regn. I delar av Afrika, India og Midtausten blir regn motteke med stor glede. I Botswana har dei same ord for regn og pengar («pula»), og viser med det kor viktig regnet er for økonomien i landet.

Mange kulturar har utvikla metodar for å halde seg tørre i regnvêr, til dømesparaplyar ogregnklede i tillegg tilrennesteinar,kumlokk ogavløp som fører regnet bort frå overflata. Mange vel òg å halde seg innandørs når det regnar, særleg i tropiske område der regn vanlegvis kjem i lag med kraftigtorevêr eller undermonsunen der det kan regne svært, svært kraftig.

Regn i Noreg

[endre |endre wikiteksten]

Bergen er kjend for ha mykje regn og i lag medFørde er dette dei byane i Europa der det regnar mest (2000-3000 mm). Dette kjem av at Vestlandet ofte har vestleg vind, skapt av alle lågtrykka som kjem inn frå vest. Lågtrykka senderfrontar inn mot Vestlandet og dette fører til ein god del regn, samtidig som den vestlege vinden fører til at luft blir løfta over fjella og skaparorografisk nedbør. Til saman gjev desse to fenomena dei store nedbørmengdene ein har på Vestlandet.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
Regn iYstad 15. juni 2019
Eit panoramabilete som viser glimt av blå himmel til venstre og regn til høgre.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Alistair B. Fraser (15. januar 2003).«Bad Meteorology: Raindrops are shaped like teardrops».Pennsylvania State University.Arkivert frå originalen den 7. august 2012. Henta 7. april 2008. 
  2. Kare Utaaker (1991).Mikko- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala. Alma Mater.ISBN 9788241900631. 
  3. R.S. Cerveny & R.C. Balling (6. august 1998). «Weekly cycles of air pollutants, precipitation and tropical cyclones in the coastal NW Atlantic region».Nature394 (6693): 561–563.Bibcode:1998Natur.394..561C.doi:10.1038/29043. 
  4. Geir Ottar Fagerlid (30. mai 2016),«Kvifor luktar regnet?»,Yr.no 
  5. Aarnes, Halvor (10. juni 2014), «Lukten etter regn»,Store norske leksikon, henta 7. juli 2014 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Regn
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Regn&oldid=3154077»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp