Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Regionen Valencia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valencia
Comunitat Valenciana
Comunidad Valenciana
region
Flagg
Symbol
Land Spania
HovudstadValencia
Areal23 255 km²
TypeAutonom region
Folketal5 316 541(2024)[1]
PostnummerVC
Kart
Regionen Valencia
39°30′N0°45′W /39.5°N 0.75°W /39.5; -0.75
Wikimedia Commons:Land of Valencia

Valencia (valencianskComunitat Valenciana;spanskComunidad Valenciana) er ein av syttenautonome regionar iSpania, sentralt og søraust i landet. Han er delt inn i tre provinsar, frå sør til nord:Alicante,Valencia ogCastellón.

Han har ei 518 km lang kystlinje motMiddelhavet og eit samla areal på 23 259 km². Regionen hadde i 2008 like over fem millionar innbyggjarar. Grensene til regionen er omtrent som det historiskeKongedømet Valencia.

Dei offisielle språka i regionen er spansk og valenciansk.[2] Regionshovudstaden erbyen Valencia.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Dei indre områda av regionen er fjellområde og dei høgaste toppane i Valencia og provinsen Castellón dannar ein del av den iberiske fjellkjeda. Fjella i Alicanta er ein del avBaetic Cordillera. Regionen administrerer òg dei vesleColumbretesøyane ogTabarca ved kysten.

Det mest kjende fjellet i regionen erPenyagolosa, som mange trur er det høgaste fjellet her med ei høgd på 1813 moh. FjelltoppenCalderón (1839 moh) iRincón de Ademuz er derimot høgare.

Det heller smale området med særs frodige sletter dekkjer det meste av kysten, bortsett frå rundtCabo de la Nao ogPeñíscola i provinsen Castellón. Typisk for dette kystområde er våtmarksområde og myrland, somL'Albufera nær Valencia,ElFondó iElche,Marjal nærPego ellerel Prat i Cabanes. Alle av desse erRamsarstader og viktige område for bådetrekkfuglar ogvassfuglar.

Satellittbilete av regionen Valencia. Ein ser lett dei tørre områda i sør.NASA

Valencia har eit generelt mildt klima som er kraftig påverka av Middelhavet. Det er likevel variasjonar i regionen.

  • Middelhavsklima finn ein hovudsakleg langs kystsletta frå dei nordlegaste områda gjennomBenidorm-området. Om vinteren er vêret noko kjølig, men somrane er lange, tørre og varme. Mest nedbør kjem det om våren og hausten, totalt rundt 600 mm på eit år. IMarina Alta ogLa Safor like nord forCabo la Nao-neset er likevel nedbørsmengdene normalt opp mot 1000 mm på eit år på grunn avorografisk heving.
  • Middelhavs- tilkontinentalklima finn ein i dei indre områda og i høgareliggande område nærare kysten. Her er vintrane kaldare (snø er ikkje uvanleg enkelte dagar), og somrane er milde til varme. Nedbøren i dette området er meir jamt fordelt utover året.
  • Middelhavs- tilhalvtørt klima finn ein langs kystsletta fråVillajoyosa til dei sørlegaste områda av regionen. Somrane her er særs lange, varme og tørre, medan vintrane er kjølige til milde med særs lite nedbør, typisk mindre enn 300 mm på eit år. Årsaka til at området er så tørt er at det ligg iregnskuggen til åsane vest for Alicante.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Biar-borga

Opphavet til dagens Valencia går tilbake til det tidlegareKongedømet Valencia, som vart grunnlagd på 1200-talet.Jakob I av Aragon leia denkristne erobringa og koloniseringa av deiislamsketaifaene med aragonesiske og katalanske folk i 1208 og grunnla Kongedømet Valencia som eit tredje sjølvstendig land innanforkongemakta Aragon i 1238.

I 1707, som ein del avden spanske arvefølgjekrigen og etterNueva Planta-resolusjonen, la kongFhilip V av Spania Kongedømet Valencia og resten av landområda til den tidlegare kongemakta Aragon under seg, men området fekk halde på eit visst sjølvstyre. Bruken av valenciansk som offisielt språk vart då forbode.

Det første forsøket på å få autonomi til regionen Valencia i det moderneSpania var underDen andre spanske republikken i 1936, menden spanske borgarkrigen braut ut og det heile vart utsett. I 1977, etter atFranco-regimet enda, starta Valencia sjølvstyreprosessen igjen og i 1982 vart området ein autonom region.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Regionen Valencia
Reiseguide forRegionen Valencia frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Regionen_Valencia&oldid=3541112»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp