Reductio ad absurdum (latin for «reduksjon til det absurde»). Uttrykket kan sporast tilbake tilgreskἡεις άτοποναπαγωγη (hi eis átopon apagogi), «reduksjon til det umogelege», vart ofte nytta avAristoteles), òg kjend som eitapagogisk argument ellerreductio ad impossibile, er ein type logisk argument der ein tenkjer seg ein påstand for argumenteringa si skuld som så medfører til eit absurd resultat, og så tenkjer ein seg at den opphavlege tanken må ha vore vore galen sidan han førte til dette absurde resultatet. Dette er òg kjend somindirekte bevis ellerbevis ved kontradiksjon.
I formell logikk vertreductio ad absurdum brukt når ein formell kontradiksjon kan verte utleidd frå ein premiss og medføre at ein kan konkludere med at premissen er usann. Om ein kontradiksjon er utleidd frå eit sett med premissar, viser dette at minst éin premiss er usann, men at andre metodar må nyttast for å avgjere kva for ein.