«Red Sails in the Sunset» er ein populær engelskspråkleg song kjend frå Dei britiske øyane og USA.
Han vart publisert i 1935 med musikk skriven av Hugh Williams (pseudonym forWilhelm Grosz) og tekst av låtskrivarenJimmy Kennedy. Songen var inspirert av «dei raude segla» til «Kitty of Coleraine», ein yacht Kennedy ofte såg utafor nordkysten av Irland i heimbyenPortstewart.[1]
Namnet på songen var inspirasjon for namnet på Red Sails-festivalen i Portstewart i Nord-Irland. Kennedy skreiv songen medan han var i Portstewart.
Somme av dei tidlegare versjonane vart gjort avAl Bowlly medRay Noble and his Orchestra den 18. september 1935 ogGuy Lombardo den 11. oktober 1935.
Songen vart henta fram att avNat King Cole i 1951. Denne songen klatra til 24. plassen påBillboard Best Seller-lista.[2] Ein annan versjon frå 1954 vart spelt inn av Sam «The Man» Taylor and His Orchestra, med Taylor på tenorsaksofon.