- Hovudartikkel:Jaguar Racing.
Det tidlegare britiske formel 1-lagetJaguar Racing vart lagt for sal i september i2004 etter atFord kunngjorde at dei ikkje lenger ville konkurrere i Formel 1.[1] Det var den 15. november 2004, den ellevte timen for ein eventuell deltaking i 2005 sesongen, at drikkevareselskapet Red Bull kjøpte Jaguar-laget. Ford forlangte ikkje meir enn den symbolske summen av 1 dollar, mot at Red Bull bidrog med 400 millionar dollar til laget over dei neste tre sesongane.[2] Med på kjøpet varCosworth-motorane, og laget fortsette som Red Bull Racing.