Red Bull er ein energidrykk som inneheldkoffein,sukker ogtaurin. Drykken vert produsert av denausterrikske produsentenRed Bull GmbH. I Noreg var det tidlegare ulovleg å selje drykken, av di den inneheldt høgare verdiar av koffein og taurin enn det som er lovleg i energidrykkar. Red Bull vart difor klassifisert som legemiddel. Krav frå EU om fri konkurranse gjorde sidan at energidrykken vart lovleg i Noreg.[1] Den opphavlege Red Bull inneheld blant anna sukker, B-vitamin, taurin og koffein, men i Noreg vil drykken ha ei redusert mengde vitamin B6.
Red Bull har opphavet sitt i drykken «Krating Daeng» (กระทิงแดง – 'raud okse') frå Thailand, der den ikkje inneheldkolsyre og har høgare sukkerinnhald. Det var austerrikaren Dietrich Mateschitz som syntes at drykken var ein god kur forjetlag og som difor bestemde seg for å tilpasse drykken til vesten.[treng kjelde] Red Bull vart lansert i Austerrike i 1987,Ungarn 1992 ogUSA 1997.