Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ranveig Frøiland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ranveig Frøiland
Fødd15. september1945
Sund
Død16. mars2020 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Ranveig Hjørdis Frøiland (fødd 15. september 1945) er ein norsk politikar forArbeidarpartiet fråSund iHordaland. Frå desember 1996 til regjeringa gjekk av i oktober 1997 var ho olje- og energiminister iRegjeringa Jagland. Ho var stortingsrepresentant for Hordaland fylke i tidsrommet 1985 til 2005.

Frøiland arbeidde som kontorist i eit par tiår før ho i 1985 vart ho vald inn påStortinget hausten 1985. Ho var elles varaordførar iFjell kommune 1983-85. I sin fyrste periode på Stortinget var ho medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen, deretter var ho medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen i vel eitt år, 1989-90. Frå november 1990 var ho med i energi- og industrikomiteen, som nestleiar frå 1993 til 18. desember 1996. Frøiland vart då utnemnd til ståtsråd og sjef forOlje- og energidepartementet. Frå hausten 1997 til mars 2000 var ho medlem av finanskomiteen, deretter leia ho kyrkje-, forsknings- og utdanningskomiteen til nytt storting vart vald i 2001. Ho hamna så på ny i finanskomiteen i sin siste peroiode opå Stortinget.

Frøiland var ein av riksrevisorane i perioden 2006-09. Ho har også vore styreleiar iHelse Bergen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ranveig_Frøiland&oldid=3219490»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp