
Raksja bandhan er ei markering av det vernande bandet mellombror ogsøster utført avhinduar. Ho fell vedfullmåne i månadensjravana ihinduåret.




Dagen blir markert ved at jenter bind einrakhi, eitarmband laga av ein pynta tråd, rundt handleddet til brør eller gutar dei reknar som brør. Bandet blir rekna som ei signing og eit vern, og i samband med knytinga kan jenta utføra eit rituale og seia eit mantra. Til gjengjeld lover broren å verna henne, og gjev gjerne også eigåve. Rakhien kan vera ein enkel tråd med litt pynt, eller einsilketråd pynta medgull ellersølv. Gjengåva kan vera ein symbolsk pengesum, klede ellersmykke.
Høgtida har også utvikla seg til å omfatta fleire tilhøve enn dei mellom bror og søster. Dei blir til dømes knytte rundt handledda til indiskesoldatar ogpolitikarar.
Det finst fleire bakgrunnssoger for høgtida.Heilage trådar som armband går att i hinduisk mytologi og utøving. I historisk tid erRani Karnavati, dronningmora iMewar, kjend for å ha sendt ein rakhi til stormogulenHumajun då ho kjende seg truga av Bahadur Sjah av Gujarat. Humajun avbraut då eit felttog og kom for å hjelpa.