Representantar fråLok og Rajya Sabha høyrerBarack Obama tala i det indiske parlamentet.
Rajya Sabha (sanskrit for 'stat-samling') eroverhuset idet indiske parlamentet (Sansad). Overhuset har 245 representantar som hovudsakleg sit i seksårsperiodar. Desse er arrangerte slik at ein tredel av periodane ender kvart andre år. Dei fleste medlemmene blir valde inn av dei ulike territorium- og delstatsforsamlingane, men 12 medlemmer blir peikte ut avpresidenten i India for bidrag til kunst, kultur, vitskap og samfunn.Visepresidenten i India er ordstyrar for kammeret.
Begge kammera kjem saman i den indiske parlamentsbygningenSansad Bhavan iDelhi. Rajya Sabha har i prinsippet same makt som underhusetLok Sabha, bortsett frå ibudsjettspørsmål. Om kammera er ueinige skal dei ha eit felles møte. Her blir Lok Sabha mektigast ettersom det har rundt dobbelt så mange medlemmer som Rajya Sabha. IIndia si historie har ein berre halde tre slike fellesmøte, det siste i 2002 forPrevention of Terrorism Act.
Rajya Sabha blei skipa 3. april1952 og heldt sitt første møte 13. mai same året.