Rafting er ein aktivitet som går ut på å navigera einflåte ned eielv. Rafting blir gjerne utført i stryk og elver der vatnet renn raskt. Det blir nytta eiåre til padling eller til å styra flåten med.
Vansken på elva blir rangert på ein skala frå 1 til 6:
Grad 1: Flatt vatn.
Grad 2: Vatn i rørsle. Få eller ingen hindringar.
Grad 3: Sterk straum med hindringer og stryk. Manøvrering er naudsynt.
Grad 4: Sterk straum med store stryk og vanskelege passasjar. Manøvrering er vanskeleg, risiko for flip (at båten går rundt).
Grad 5: Ekstremt vanskeleg og berre for spesielt interesserte.
INoreg erVoss[1] ogSjoa i Heidal mykje nytta rafting- og vassportelvene. Sjoa blir omtalt som ein god rafteelv.[2] Elvene iSkjåk blir òg brukt mykje til rafting. OgsåOtra blir brukt til rafting vedSyrtveit iEvje og Hornnes kommune. I Jølstra har det vore drive rafting sidan 1991, kommersielt sidan 1997.[3]
Rafting krev både lokalkunnskap, eigna utstyr og trening. I Sjoa er 13 menneske drukna i samband med rafting i perioden 1989-2010.[4] Sjoa og Sogndalselva blir rekna som lunefulle og vanskelege for rafting.[5]