Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rabat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rabat
الرباط‎
hovudstad
Foto: Adam Jones
Land Marokko
Areal118 km²
Folketal572 717(2014)[1]
Kart
Rabat
34°01′16″N6°50′29″W /34.021111111111°N 6.8413888888889°W /34.021111111111; -6.8413888888889
Wikimedia Commons:Rabat

Rabat (arabiskالرباط‎, romanisert ar-Ribāṭ ) er hovudstaden og den tredje mest folkerike byen iMarokko. Byen ligg på sørsida av utlaupet til elvaBou-Regreg iAtlanterhavet. På nordbreidda av elva ligg Salè, soveby til Rabat. Saman med Temara har byområda kring hovudstaden om lag 1,7 millionar ibuarar.

Rabat er ein administrasjonsby og har få handledistrikt. Bykjernen består av gamlebyen, Oudayaene og Hassan. Rolla som hamneby er svekka, grunna tilslamming.

Byen er sentrum forfransk kultur i Marokko. Rabat har eit universitet frå 1954,eit stort teater i midtbyen, nokre få offentlege kunstgalleri og eit arkeologisk museum.

Rabat vart oppført påUNESCO siverdsarvliste i 2012.[2]

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Rabat har eit middelhavsklima. Sidan byen ligg ved Atlanterhavet har han eit mildt, temperert klima, med kjølige vinterdagar og varme dagar i sommarmånadene. Nettene er alltid kjølige, medan dagtemperaturen vanlegvis stig til 9–10 C°. Gjennomsnittstemperaturen på dagtid i desember-januar er 17, i juli-august 27. Nedbørsmengda er størst i desember med 94 mm, medan det i dei fire månadene juni-september er så å seie nedbørsfri.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Eldste kjende busetnaden i området er Chellah, nemnt i det tredje hundreåret før Kristi fødsel. Romarar erobra Chellah i år 40 og danna Sala Colonia. Roma rådde over kolonien til 250, då dei overlet staden til lokale herskarar. Rabat vart grunnlagt som einribat (kloster eller festning) avalmohadane på 1100-talet og var utbygt til eit stort fort. Fortet vart nytta som utgangspunkt for angrep mot dei kristne iAndalucía og rivalar iMaghreb. Han fekk seinare namnet ribat al-Fath,[3] som tyder 'sigersfestningen' og er grunnlaget for dagens namn.

Almohad-kalifenYaqub al-Mansur flytta hovudstaden i riket sitt til Rabat. Han fekk bygt bymurar og einkasbah.[4] I muren til festningsverket Kasbah Oudaya er det òg ein stor port som vart bygt på sistedelen av 1100-talet. Yaqub sette elles i gang arbeidet på det som hadde vorte verdas største moské, om bygginga hadde vorte fullført. Men bygningsarbeidet stoppa opp då han døydde. Ruinane og Hassan-tårnet (minareten) står igjen i dag.[5] Gamlebyen er framleis dominert av Kasbah Oudaya og det 44 meter høge Hassantårnet.

På 1200-talet mista Rabat mykje av si økonomiske makt, til fordel for Fez. I 1515 melde ein maurisk oppdagar at einast 100 husvære var bebudd. Rabat voks tidleg på 1600-talet, mykje takk vere morisk-innflyttarar som var utviste frå Spania.

Piratrepublikk

[endre |endre wikiteksten]

Rabat og Salé danna i felleskap Bou Regreg-republikken i 1627. Republikken vart styrt av barbar-piratar som nytta dei to byane som base for sjørøveri til havs. Piratane låg ikkje i strid med noko sentralmakt før Alawit-dynastiet samla Marokko i 1666. Alawittane mislukkast med å få kontroll over sjørøvarane. Både europeiske og muslimske makter prøvde i årevis å ta kontroll over piratbyane, men Bou Regreg-republikken bestod heilt til 1818. Også etter republikken kollapsa, nytta piratar hamnebyen Rabat i verksemda si. Etter eit austerriksk skip hadde gått tapt i eit piratåtak i 1829, bomba Austerrike byen.

Fransk styre

[endre |endre wikiteksten]

Frankrike invaderte Marokko i 1912 og etablerte eit protektorat. Franskmennene flytta hovudstaden i landet frå Fez til Rabat. Sultan Moulay Youssef fylgde opp det franske vedtaket, og flytta residensen sin til Rabat. Under det franske protektorat voks byen sterkt. Då Marokko oppnådde sjølvstende i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed V, at hovudstaden skulle verte verande i Rabat.

Etter 2. verdskrigen

[endre |endre wikiteksten]

I tida etter verdskrigen etablerte USA seg militært i Rabat, det tok i bruk den tidlegare fransk flybasen. Tidleg i 1950-åra hyste flybasen to store avdelingar av USA Air Force (flyvåpen). Etter Marokko vart sjølvstendig i 1956, ynskte regjeringa at USA skulle trekke styrken ut av landet. Kravet om uttrekking vart forsterka etter invasjonen i Libanon 1958, og i desember 1959 lova USA å etterkome kravet. I 1963 var det US-amerikanske nærværet i Marokko over. Marokkos eige flyvåpen har sidan den gong hatt sin hovudflybase i Rabat.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Démographie - Province : Rabat (Urbain)». 
  2. Rabat, modern capital and historic city: a shared heritage UNESCO, henta 15.juli 2012
  3. RabatLarousse.fr, henta 15.juli 2012
  4. La Kasbah des OudayasArkivert 2011-09-14 vedWayback Machine.Mairie de Rabat, (fransk), henta 15.juli 2012.
  5. Hassan Mosque and TowerArkivert 2012-10-10 vedWayback Machine.fundacion.telefonica.com, hentet 15.juli 2012

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Rabat
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rabat&oldid=3564556»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp