DRAM-celle (lagrar ein bit).Oppbygging av ei SRAM-celle, med 6 transistorar.
RAM, frå engelskrandom-accessmemory, er ein type minne i eidatamaskin som blir nytta til å lagra data og programinstruksjonar når maskina er i drift og vert ofte kalla arbeids-RAM[1][2]. Dette direktelageret kan addresserast vilkårleg (lesast/skrivast frå/til ein vilkårleg addresse). Moderne RAM vert laga avhalvleiarar og kan vera bygd som separateintegrerte krinsar. Når spenninga vert fjerna gårinformasjonen tapt, både for SRAM og DRAM. Informasjon ein vil ta vare på må difor lagrast på eit permanent minne, som til dømes eitplatelager, før spenninga vert fjerna.
Ein skil mellom statisk RAM (SRAM) og dynamisk RAM (DRAM)[1]. SRAM lagrar kvar einskild bit i tilstanden til einFlip-flop, medan DRAM lagrar infrmasjonen i form av eielektrisk ladning på små kondensatorar. Det trengst minst 6transistorarar per bit i ein SRAM, medan DRAM — i tillegg til kondensatoren — treng berre ein transistor per bit. DRAM har difor mykje størredatatettleik (bit per arealeining) enn SRAM. For å få størst muleg datatettleik erkondensatorane som DRAM lagrar informasjonen på svært små, noko som fører til at dei berre kan halda påladinga ei stutt tid (nokre titalsµs). DRAM har difor innebygd elektronikk som regelmessig les ut informasjonen (spenninga) og skriv han innatt. Denne oppfriskinga syter for at informasjonen ikkje går tapt, så lenge krinsane er kopla til rettspenning. Tidsintervallet mellom kvar oppfrisking er typisk 64µs.
Både på grunn av at informasjonen er lagra i form av små ladningar og på grunn av at det er naudsynt med regelmessig oppfrisking av informasjonen tek det lengre tid å skriva til eller lesa frå DRAM enn for SRAM[1]. Ein nyttar difor ofte eit SRAM-mellomminne for å redusera forsinkinga ved å lesa frå eller skriva til DRAM.
RAM-brikker har som oftast eiordlengd på einByte (8bit). På grunn av at mange datamaskinar les/skriv blokker på 32 eller 64 bit er det vanleg at fire eller 8 RAM-brikker vert sett saman til 32- eller 64-bits modular. Det finst fleire typar modular, men den mest vanlege typen i dag (2019) erDIM-modular.