R. Kelly (føddRobert Sylvester Kelly, 8. januar 1967 iChicago iIllinois) er einamerikanskR&B-songar og plateprodusent som gjerne blir kalla Kongen av R&B.
Kelly tok til å opptre seint i 1980-åra, og debuterte med gruppaPublic Announcement i 1992. Han starta solokarrieren sin i 1993 med plata12 Play. Han er kjend for mange hitsinglar, m.a. «Bump n' Grind», «Your Body's Callin'», «I Believe I Can Fly», «Gotham City», «Ignition (Remix)», «If I Could Turn Back the Hands of Time», «The World's Greatest», «I'm a Flirt», og rap-operaen «Trapped in the Closet». Kelly vann treGrammy-prisar for «I Believe I Can Fly» i 1998.
Kelly har skrive, produsert og laga remixar av songar og plater for mange artistar, til dømesAaliyahs debutalbum frå 1994,Age Ain't Nothing But a Number. Kelly blei nominert til Grammy-prisen i 1996 for å ha skriveMichael Jackson-songen «You Are Not Alone». I 2002 og 2004 slapp R. Kelly ut samarbeidsplater med rapparenJay-Z. Han har også vore gjestevokalist for andre hip-hopparar, til dømesNas,Sean Combs ogFat Joe.
Recording Industry Association of America har anerkjent R. Kelly som ein av dei mestseljande musikkartistane i USA med 40 millionar selde plaster. I tillegg er han ein av fem svarte artistar som har hamna blant dei beste 50 på den same lista. Billboard kalla R. Kelly den mest framgangsrike R&B-artisten gjennom dei siste 25 åra i mars 2011. Kelly har sloppe 12 solostudioalbum og selt over 100 millionar plater på verdsbasis. Dette gjer han til den mest framgangsrike mannlege R&B-artisten i 1990-talet, og ein av dei mestseljande musikarane nokonsinne.
R. Kelly slapp nyleg albumetBlack Panties der «My Story» er ein av singlane.
- 1992:Born into the 90's
- 1993:12 Play
- 1995:R. Kelly
- 1998:R.
- 2000:TP-2.com
- 2002:The Best of Both Worlds
- 2003:Chocolate Factory
- 2004:Happy People/U Saved Me
- 2004:Unfinished Business
- 2005:TP3.Reloaded
- 2007:Double Up
- 2009:Untitled
- 2010:Love Letter
- 2012:Write Me Back
- 2013:Black Panties

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
R. Kelly