Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Røyrsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røyrsongar
Lydopptak røyrsongar

Lydopptak røyrsongar
Utbreiing og status
Status i verda:LCLivskraftig
Status i Noreg:LCLivskraftig[1]Omtrentleg geografisk utbreiing av røyrsongar, utbreiing på Iberiahalvøya og Nordvest-Afrika kan gjelde afrikarøyrsongar ██ Berre hekking ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av røyrsongar, utbreiing på Iberiahalvøya og Nordvest-Afrika kan gjelde afrikarøyrsongar

██ Berre hekking██ Overvintring

Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:SporvefuglarPasseriformes
Familie:KjerrsongarfamilienAcrocephalidae
Slekt:KjerrsongararAcrocephalus
Art:RøyrsongarA. scirpaceus
Vitskapleg namn
Acrocephalus scirpaceus

Røyrsongar (Acrocephalus scirpaceus) er ein litensporvefugl ikjerrsongarfamilien med hekking i vestlege og sentraleEurasia og overvintrar iAfrika sør for Sahara.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]
Egg av gauk (Cuculus canorus canorus) og røyrsongar.

Røyrsongarar er rundt 13 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta har overside i varm brun til raudbrun farge, og underside i varm beige fargetone. Nebbet er relativt langt og tynt. Augebrynstripa er lys og utydeleg. Kjønna er like.

Hekkeområdet er i varmt temperert klima i Europa austover til nordvestlegasteKina. I nordlege Europa er arten grovt rekna avgrensa tilStorbritannia sør forSkottland, mot aust går nordgrensa gjennom sørlegasteNoreg,Sør-Sverige ogSør-Finland. I Noreg er han ein mindre vanleg hekkefugl fråHaugalandet sørover og aust langs kysten avAgder, inn langs begge sider avOslofjorden og inn i sørlegeInnlandet fylke.[2] Populasjonen er på færre enn 10 000 par i Noreg. Røyrsongar er ein sterktrekkfugl, dei fleste kjem til Noreg mot slutten av mai måned og forlèt i august mot tropisk Afrika.[3]

Røyrsongarar er knytt tiltakrøyr i hekketida. Habitatet ligg ved breidder av innsjøar og andre våte område inklusive brakkvatn. Føda er mest insekt og larver, meir unntaksvis frø, blomstrar og bær.[4]

Songen er skildra som i hovudsak snerrande tonar i roleg tempo, gjentatt 2-3 gonger. Dei legg inn herming eller plystretonar no og då.[3]

Storleiken på den europeiske delen av populasjonen er estimert til 2,7 - 5 millionar par, av dette meir enn 0,5 millionar par i Sverige.[4]

Taksonomi

Røyrsongar,A. scirpaceus ogafrikasongarA. baeticatus har vore handsama som same arten, ogBirdlife International gjer det framleis i si taksonomiske sjekkliste per desember 2020.[5] Andre lister som etterIOC World Bird List V11.1 definerer begge artane med underartar, og ut frå skildring av utbreiing er det afrikasongar og ikkje røyrsongar som lever påDen iberiske halvøya.[6]

Underartar etter IOC-lista versjon 11.1:

  • A. s. scirpaceus (Hermann, 1804), Europa aust forPyreneane og Asia
  • A. s. fuscus, (Hemprich & Ehrenberg, 1833), nordlege Egypt, sentrale Tyrkia, Midtausten, sentrale europeiske Russland aust til Kasakhstan og nordvestlegaste Kina, overvintring i austre og sentrale Afrika
  • A. s. avicenniae, Ash, Pearson, DJ, Nikolaus & Colston, 1989, kysten avRaudehavet
  • A. s. ammon, Hering, Winkler & Steinheimer, 2016, nyleg oppdaga i eit avgrensa område langs grensa av Egypt og Libya

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021).«Fugler: Vurdering av rørsanger Acrocephalus scirpaceus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  3. 3,03,1Svensson, Lars et al (2011).Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag.ISBN 9788205418820.
  4. 4,04,1Dyrcz, A., D. A. Christie, og E. F. J. Garcia (2020).Eurasian Reed Warbler (Acrocephalus scirpaceus), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.https://doi.org/10.2173/bow.eurwar1.01
  5. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist v5 (current version)».abcbirds.org. BirdLife International. Henta 14. mars 2021. 
  6. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021.IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 14. mars 2021

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Røyrsongar
  • Røed, T. 1994:RørsangerAcrocephalus scirpaceus. S. 204 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Røyrsongar&oldid=3360585»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp