Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ródos by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ródos
Ρόδος
by
Land Hellas
PeriferiDei sørlege egeiske øyane
PeriferieiningRódos
Høgd0−25 m
Areal19,481 km²
Folketal54 562(2021)
Grunnlagd408 fvt.
Postnummer851 00
Retningsnummer22410
BilnummerPON, POP
Kart
Ródos by
36°26′00″N28°13′00″E /36.433333333333°N 28.216666666667°E /36.433333333333; 28.216666666667
Wikimedia Commons:Rhodes (city)
Hamna i Ródos.

Ródos by (gresk Ρόδος) er hovudstaden på øyaRódos iDodekanesane iHellas. Han var òg hovudstad i det tidlegare prefekturet Dodekanesane og er no hovudstad iperiferieiningaRódos. Ródos by var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som eikommunaleining i kommunen Ródos, som no omfattar heile øya.[1] Storbyområdet har om lag 80 000 innbyggjarar. Ródos har vore kjend sidan antikken forKolossen på Ródos, eit avdei sju underverka. Festninga på Ródos, bygd avmaltesarordenen, er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Europa og kom i 1988 påUNESCO siverdsarvliste. Ródos by er ein populær turistdestinasjon.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Ródos by, no kommunaleininga Ródos by.

Byen Ródos ligg på den nordaustlegaste enden av øya og dannar ein trekant frå nord til sør. Han grensar tilEgearhavet i nord, aust og vest og til dei tidlegare kommunaneIalysós ogKallithéa i sør.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Ródos by 56 440 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 54 562 innbyggjarar.[2]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Gata til riddarane i mellomalderbydelen.

Øya Ródos ligg langs transportvegane mellomEuropa,Midtausten ogAfrika. Dette har gjeve byen og øya mange forskjellige identitetar, kulturar, arkitektur og språk gjennom den lange historia. Plasseringa ved ein av dei store sjørutene har gjeve Ródos ei særs rik historie. Øya har vore busett sidan år 4000 fvt.[3]

Ródos by vart grunnlagd i 408 fvt. av byaneIalysós,Kámiros ogLíndos.[3] Dei neste tre hundreåra opplevde byen sine gullår. Sjøhandel, skipsbygging og fordomsfrie politikarar gjorde byen svært velståande fram til romartida. Mellom 304 og 294 fvt. vartKolossen på Ródos, eit avdei sju underverka i antikken, bygd av skulptøren Hares.[3] Arbeidet tok 12 år, og statuen stod ferdig i 282 fvt. Statuen representerte solgudenHelios, som stod ved inngangen til hamna. Den antikke byen hadde eit godt utbygdkloakksystem, i tillegg til vassforsyning teikna avHippodamus. Eit kraftigjordskjelv råka Ródos rundt år 226 fvt., øydela byen og velta Kolossen.[3] Dei neste åtte hundreåra låg han i ruinar før han vart seld til jødisk kjøpmann, visstnok for 900 kamelar, for å få han bort.

Den romerske perioden

[endre |endre wikiteksten]

I 164 fvt. vart Ródos ein provins iRomarriket.[4] I denne perioden utvikla byen seg til eit utdanningssenter innan kunst og vitskap. Ein kan framleis sjå mange spor etter romarane i byen. IfølgjeApostelgjerningane (Apg 21:1) vitjaPaulus Ródos nær slutten av den tredje misjonærreisa hans.

Riddarperioden

[endre |endre wikiteksten]
Gate i gamlebyen.

Riddarane iMaltesarordenen erobra Ródos og oppretta hovudkvarteret sitt her. Dei hadde forlate Italia etter forfølginga avTempelriddarane i 1307.Pave Clement V stadfesta ordenen sin eigarskap over øya i 1309. Riddarane vart verande på øya dei neste to hundreåra, og plaga den muslimske skipsfarten i området.

EtterKonstantinopel sitt fall i 1453 byrjaDet osmanske riket ei rask utviding og i 1480 invaderte Sultan Mehmet Ródos. Det tyrkiske åtaket vart slått tilbake, og tyrkarane drog bort frå øya. Tapet stogga ein samtidig invasjon avItalia av dei osmanske styrkane, og hindra kanskje ein mogeleg muslimsk kontroll over Vest-Europa.

Etter det osmanske tapet i 1480 styrkte stormeisteren Fabrizio Del Carreto festningane i byane. Då han døydde i 1521, hadde Ródos eit av dei sterkaste festningsverka i verda. Riddarane gjekk stadig til åtak på muslimske kjøpmenn, noko som førte til at sultanSuleiman den store starta ei nyomleiring av Ródos i 1522.

Dei mindretalige riddarane forsvarte seg godt og utførte store tap på osmanarane. I desember 1522 vart det gjort ein avtale mellom riddarane og Suleiman om at riddarane skulle få forlate byen med all rikdomen dei kunne bere. Til gjengjeld skulle ikkje innbyggjarane straffast på noko vis og dei måtte få halde på kristendomen sin. 1. januar 1523 reiste riddarane frå øya og etterlet ho til osmansk kontroll.

Den italienske perioden

[endre |endre wikiteksten]
Gate i gamlebyen

I 1912 tok italienske troppar over øya i lag med resten av Dodekanesane og etablerte ein italiensk koloni kalla Isole Italiane del Egeo i 1923.[5]

Italienarane øydela seinare husa som vart bygd på og rundt bymurane under den osmanske perioden. Dei gjorde òg jødiske og osmanske gravstader om til grøne soner rundt mellomalderbyen.[5] Italienarane tok vare på det som var att etter riddartida, og øydela alle osmanske bygningar. Dei rekonstruerte òg palasset til stormeisteren av riddarane.[5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert fråoriginalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  2. Folketeljing 2021
  3. 1234History of Rhodes: Classical Period, arkivert fråoriginalen 4. juni 2007, henta 18. september 2007 
  4. History of Rhodes: Roman Period, arkivert fråoriginalen 17. september 2007, henta 18. september 2007 
  5. 123History of Rhodes: Italian Period, arkivert fråoriginalen 22. mai 2008, henta 18. september 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Ródos by
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ródos_by&oldid=3590081»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp