Qing (tidlegare transkripsjonCh'ing) ellerMandsju-dynastiet var eitkinesisk dynasti avmandsjuisk opphav. Det vart grunnlagt av ein stamme fråMandsjuria som styrtaMing-dynastiet. Dynastiet regjerte frå1644 til1912, dåRepublikken Kina vart oppretta,[1] og var det siste eigentlege keisardynastiet.
Dynastiet herska opphavleg somSeine Jin, men tok i 1636 namnetQing som tyder 'klår' eller 'gjennomskinleg'. Det fekk offisielt makta iKina i1644 etter atBeijing vart teken og plyndra av bondeopprørarar leidde avLi Zicheng, ein mindre embetsmann for Ming-dynastiet. Den siste Ming-keisarenChongzhen tok livet av seg, og Li oppretta det kortvarigeShun-dynasitet. Dette vart styrta året etter av Qing-styrkar hjelpte av Ming-generalenWu Sangui.
På1700-talet opplevde keisardømet ei ny stordomstid då det lukkast i å dra økonomisk nytte av den europeiskekoloniverksemda. Dette førte likevel tilopiumskrigane (1839–1842 og 1856–1860) motStorbritannia, krigar som kinesarane tapte. Dermed vart Kina tvinga til å gå med på handelsavtalar som var svært gunstige for britane. På1800-talet følgde ògden fransk-kinesiske krigen (1883–1885) og denførste kinesisk-japanske krigen (1894–1895). Igjen tapte Kina dei begge.
Mot slutten av Qing-dynastiet låg den reelle makta i landet i hendene på utlendingar. Dessutan fanst indre strid som følgje av dårlege levekår og nasjonale strøymingar som ville driva ut dei framande maktene. Dette førte til fleire store opprør somTaipingopprøret (1850–1864),Nianopprøret (1853–1868) ogboksaropprøret (1898-1901).
Eit militæropprør iWuchang den10. oktober1911 vart startskotet forXinhairevolusjonen, ein landsomfattande oppstand som i februar1912 tvinga den siste keisaren,Xuantong, til å abdisera. Deretter vartRepublikken Kina proklamert.