Python er eit objektorientertprogrammeringsspråk starta avGuido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan avMonty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.
Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar.Perl,Ruby,Tcl,Scheme og tildelsJava vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som eifri programvare-prosjekt.
Python har ein lettlest og klårsyntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon avPerl.
Python er eitobjektorientert språk, og tillèt til dømespolymorfisme. I motsetnad til i mange andre objektorienterte språk, som til dømesJava ogSmalltalk, er det likevel fullt mogleg å skriva eit prosedyre-drive program.