Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pyralidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyralidar
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:LeddyrArthropoda
Underrekkje:SeksfotingarHexapoda
Klasse:InsektInsecta
Orden:SommarfuglarLepidoptera
Infraorden:Heteroneura
Overfamilie:Pyraloidea
Familie:PyralidarPyralidae
Latreille,1809

Pyralidar (Pyralidae) er eininsektfamilie isommarfuglordenen. Han inneheld sommarfuglar, ellermøllar, med smale framvenger og breie, trekanta bakvenger, hovudsakleg i fargane grått, brunt og gult. Dei har vengespenn på mellom 15 og 30 mm. Dei to fremste ribbene i bakvengene er samanvaksne, noko som er eit viktig kjenneteikn for gruppa. Beina deira har torner og er nokså lange. Høyreorgana sit på bakkroppen.

Larve avHypsipyla grandella, som lever av nye skot påmahogni- ogsedertre.

Dei fleste pyralidane har lita tyding for menneske. Nokre av dei kan veraskadedyr for visse plantar og planteprodukt, sombartreborkmøll,daddelmøll,grankonglemøll,kakaomøll,kålpyralide,stikkelsbærpyralide ogvoksmøll. Ein del typar blir avla fram som fôr til husdyr som reptilar og fuglar. Dei blir også brukt som åte til fiske.

Systematikk

[endre |endre wikiteksten]
MjølsmalmottEphestia kuehniella kan vere vanskeleg å bli kvitt inne når stadig nye generasjonar forpuppar seg i småsprekker og legger egg i matvarer.
Mikroskopbilete (SEM) av hovudet til ein pyralide.

Ein reknar vanlegvis med fem underfamiliar innan Pyralidaei dag. Ei gruppe,Acentropinae (ellerNymphulinae), som tidlegare blei rekna med i familien, blir somme tider framleis plassert her.

  • Galleriinae (medrekna Macrothecinae) – rundt 300 artar.
  • Epipaschiinae (medrekna Pococerinae) – over 550 skildra artar i tropiske og tempererte regionar (bortsett frå Europa). Larvane ruller, bind fast eller grev i blad. Nokre artar er milde skadedyr mot kommersielle avlingar.
  • Phycitinae (medrekna Anerastiinae, Peoriinae) – over 4000 artar fordelt på over 600 slekter. Truleg den vanskelegaste pyralidegruppa å identifisera og klassifisera.

Ein del slekter er ikkje plasserte inn i dette systemet. Nokre av dei høyrer truleg inn i andre grupper somCrambidae ellerObtectomera. Andre kan vera synonym for allereie plasserte grupper.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Pyralidar
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon omPyralidae
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pyralidar&oldid=3591394»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp