Menneskeauget. Det kolsvarte området i midten er pupillen. Det gråblå området kring denne erregnbogehinna, og over denne ligg den gjennomskinlegehornhinna. Det ytre, kvite området ersclera.
Pupillen (avlatinpupilla, fleirtalpupillae) er ei opning i midten avregnbogehinna iauget derlys passerer inn tilnetthinna.[1] Den framstår som kolsvart fordi lysstråler i høg grad blir absorbert avcellevevet inne i auget, eller spreidd i andre retningar. Menneske har runde pupillar, men forma kan variere mellom artar.Kattar har ofte ein vertikal og slissen pupill,geiter har horisontale pupillar, medan enkelte typarmallefisk har ringforma pupillar.[2] Pupillen kan jamførast medaperturen i eit optisk system, og regnbogehinna medblenderopninga. Den pupillen ein ser frå utsida av auget blir kallainngangspupillen, og samsvarer ikkje heilt med den faktiske plasseringa eller storleiken til den fysiske pupillen fordi den blir forstørra avhorninna. Pupillen blir vidare i mørket og smalare i lyse omgjevnader.[1]
Nærbilde av eit katteauge, med ein slank og vertikal pupill.Nærbilde av auget til ei geit, med ein vassrett, rektangulær og til dels uregelmessig pupill.
Regnbogehinna ligg omkring pupillen og består for det meste avglatt muskulatur. Lys kjem inn i auget gjennom pupillen, og regnbogehinna styrer lysmengda ved å justere storleiken på pupillen. Det finst to former av glatt muskulatur i regnbogehinna:ringmuskel ogradiærmuskel. Ringmuskulaturen trekk seg saman for å minske storleiken på pupillen. Radiærmuskulaturen, som er innervert av sympatiske nervar fråøvre halsganglion, trekk seg saman for å auke storleiken på pupillen. Desse musklane blir gjerne kallaindre augemusklar.
Variasjon i dyr
Skate med halvmåneforma pupill
Krokodille med vertikal, slank pupill
Gekko med perlekjede-pupill
Katt med vertikal, slank pupill
Blekksprut med W-forma pupill
Video: Pupillen i ein blekksprut reagerer når lyset blir skrudd av.