Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Provinsen Makedonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Makedonia i Romarriket i år 120

Makedonia var einromersk provins. Han vart offisielt etablert i146 f.Kr. etter at den romerske generalenQuintus Caecilius Metellus sigra overAndriskus av Makedonia i148 f.Kr., og etter at fire klientrepublikkar som var etablerte avRomarriket i regionen vart oppøyste.Epiros Vetus,Thessalia og delar avIllyria ogThrakia var med i provinsen.

I dei3. og4. århundra vart provinsen delt inn iMakedonia Prima i sør ogMakedonia Salutaris i nord.

Makedonia Prima og Makedonia Salutaris var inkludert i bispedømet Makedonia, eit av tre bispedøme som var inkludert ipretorianarprefekturet Illyricum som vart organisert i318. Då prefekturet Illyricum vart delt i eit vestleg og eit austleg Illyricum i379, vart dei makedonske provinsane inkludert idet austlege Illyricum. Etter delinga av Romarriket i eit vestleg og eit austleg rike i395, gjekk Makedonia inn iAustromarriket.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Provinsen_Makedonia&oldid=2818793»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp