Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Protozo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
TøffeldyretParamecium

Protozoar (frå gresk, «første dyr») er eincellamikroorganismar med visse dyreliknande trekk. Dei hareukaryot celle og eitheterotroft levesett, men til skilnad frådyr ogsopp har dei lita eller inga differensiering mellom ulike celletypar. Ein finn dei helst i havet og i ferskvatn, der dei utgjer ein viktig del avdyreplanktonet, men òg i vanleg jord og som parasittar på andre organismar.

Det finst godt over 50 000 beskrivne artar protozoar, og dei representerer eit vell av ulike eukaryoteutviklingslinjer. På grunn av dette er ikkje gruppa ei gyldigbiologisk gruppe.

Oppbygnad

[endre |endre wikiteksten]

Dei fleste protozoar er eincella og syter for alle livsfunksjonane sine ved hjelp avorganellane sine; det vil seie at alt organismen gjer, vert styrt av undercellulære prosessar. Mange grupper protozoar har òg artar som dannar koloniar, stundom med ei viss grad av cellespesialisering.

Det er elles stor variasjon mellom dei ulike gruppene protozoar når det gjeld både cellestruktur og levesett.

Typar av protozoar

[endre |endre wikiteksten]

Zooflagellatane er den mest primitive gruppa protozoar. Dette er òg ei kunstig gruppe, som har oppstått fleire gongar. Dei er kjenneteikna av ein eller fleire langeflagellar, piskeliknande «halar» dei nyttar til rørsle. Dei vert kalla «zoo»-flagellatar for å skilja dei frå dei planteliknande flagellatane.

Mellom zooflagellatane finn me mellom annaTrypanosoma, som er einparasitt som fører tilsovesjuke hjå menneske. Det er òg her me finngiardiaparasitten, ogkrageflagellatane som er systergruppa tildei fleircella dyra.

Ciliatane, som òg vert kalla flimmerdyr, er dei mest komplekse eincella organismane me kjenner til. Dei er kjenneteikna avflimmerhåra sine, som anten veks over heile celleoverflata eller i band eller kantar. Dei slår i takt for å flytta organismen gjennom vatnet.

Ciliatar skil seg vidare ut ved å ha to ulike slags cellekjernar.Makronukleus erpolyploid (har genomet i mange kopiar) og sentralt plassert og kodarenzym forstoffskiftet.Mikronuklea, som det kan vera så mange som 80 av i kvar celle, driv berre med seksuell reproduksjon.

Mange ciliatar har ein såkalla «cellemunn», ei spalte dei tek opp næringspartiklar gjennom. Innanfor denne vert næringa putta i ein såkalla matvakuole, som fusjonerer medlysosom og vert melta.

Dei fleste ciliatar er frittlevande, til dømestøffeldyretParamecium. Det finst òg mangesymbiontar, mellom anna medkyr. ArtenBalantidium coli er den einaste kjende arten som er årsak til sjukdom; vertane hans får ei form fordysenteri.

Amøbar er lette å kjenne att på dei såkallapseudopodiane (=«falske føter»), som er mellombelse celleutvekstar dyret flytter seg med. Denne måten å røra seg på fører til at organismen heile tida skiftar kroppsform. Pseudopodiane vert òg nytta til å fanga og ta opp mat.

Dei fleste amøbar er frittlevande i vatn, særleg i botnområde. Den viktige parasittenEntamoeba histolytica, som fører tilamøbedysenteri, høyrer òg med i gruppa. Mellom 50 000 og 100 000 menneske døyr kvart år av sjukdommen.

Somme amøbar har harde skal utanpå cella si. Desse høyrer til gruppeneForaminafera ogRadiolaria, som har skal av høvesviskalk ogkisel. Skala deira er viktige isedimentering; mellom anna består dei kvite klippene vedDover for det meste av kalk frå foraminaferar.

Alle sporozoane er parasittar på dyr. Dei har særs komplekse livssyklusar som involverer fleire vertar og både haploide og diploide fasar. Det viktigaste kjenneteiknet deira er det sporeliknande livsstadietsporozoiten, som er ein sporeliknande tilstand dyra går inn i i samband med overføring mellom vertar.

Eit døme på ein sporozo ermalariaparasittenPlasmodium.

Spire
Dennebiologiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Protozo&oldid=3554036»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp