I forsøk på å fornorske den latinskspråklege grammatiske tradisjonen har pronomen vorte kallavaraord (t.d.Lars EskelandNorsk formlæra frå1897, men dette slo ikkje gjennom. Pådansk blir pronomen kallastedord, mens eit anna forsøk, detfinske avløysarframleggetasemosana "plasshaldar-ord", ikkje slo gjennom.
I norsk og i dei fleste andre språk kan pronomena delast opp i følgjande grupper (sjølv om dei morfologiske eigenskapane deira kan variere meir frå språk til språk):
Bokmål har det ubestemte pronomenetman, som iman tror at.... Som akkusativ ståren, som også kan nyttast som subjekt. På nynorsk kan ein nyttaein som ubestemt pronomen.
Resiprokt pronomen er pronomen somkvarandre, (som er ubøyeleg i norsk). Det referer til noko i språket, somseg, men skil seg fråseg ved at det må vere gjensidig referanse:Per og Kari kjenner kvarandre kan ikkje tyde at Per og Kari kjenner Per og Kari, men at Per kjenner Kari og at Kari kjenner Per.Kvarandre er ubøyeleg.
Determinativar er ord som ikkje står i staden for substantiv, men heller modifiserer dei, slik somdesse, t.d. idesse fine båtane. Tidlegare vart dei kalla «demonstrative pronomen». I nyare grammatikkar (t.d.Norsk referansegrammatikk) er dei ei separat ordklasse, nett fordi dei skil seg frå pronomen på ein slik avgjerande måte. Nokre lingvistar argumenterer for at den gamle inndelinga er betre, i og med at den nye inndelinga tvingar oss til å operere med dobbel klassifisering av ein del ord, som t.ddet, dei (som idet (toget) / dei (gutane) kjem hitover. Mange dialektar har likevel eit tydeleg skilje mellom dei to kategoriane:dæm / di gutan kjæm hitover.