Proletariatet (frå latinproletarius, 'person som berre gjer nytte med å avle barn') er den sosiale klassen som består av lønsarbeidarar som eig lite anna enn si eiga arbeidskraft. Eit medlem av denne klassen er einproletar.[1]
Marxistisk filosofi reknar proletariatet som undertrykt avdet kapitalistiske systemet, der dei blir tvungne til å akseptere låge lønningar i bytte mot å operereproduksjonsmidla for å skape verdiar forborgarskapet. Marx meinte at denne undertrykkinga gjer proletariatet felles økonomiske og sosiale interesser som går på tvers av nasjonale grenser, noko som ein dag vil drive dei til å ta makta og danne eitkommunistisk samfunn fritt for klasseskilnader.[2]
- ↑Caprona, Yann de, 1958-,Norsk etymologisk ordbok : tematisk ordnet,ISBN 978-82-489-1054-1,OCLC 864456730, henta 31. oktober 2020
- ↑«Communist Manifesto (Chapter 2)»,www.marxists.org, henta 31. oktober 2020