| Programmeringsspråket Java |

|
|
| Utviklar | Sun Microsystems, Oracle, James Gosling |
|---|
| Utgjeve | 1995 |
|---|
| Nyaste versjon | Java SE 25(16. september 2025)[1] |
|---|
| Støttar skript | Groovy |
|---|
| OS-familie | Oak |
|---|
| Lisens | GNU General Public License |
|---|
| Nettstad | https://www.oracle.com/java/ |
|---|
Java er eitobjektorientert programmeringsspråk utvikla i hovudsak avJames Gosling og kollegaene hans påSun Microsystems. Språket, først kallaOak (fekk namnet fråeiketreet utanfor Gosling sitt kontor), hadde som mål å erstatteC++.
Java vart utvikla i 1991 av James Gosling og andre ingeniørar på Sun som ein del av det dei kallaGreen Project. Etter ei mykje omtalt lansering i 1994 annonserteNetscape at dei kom til å bygge inn støtte for Java i deira nettlesarNetscape Navigator.
Programmeringsspråket Java har fire hovudmål:
- Det skal vere objekt-orientert.
- Det same programmet skal kunne køyre på ulike datamaskin-plattformer.
- Det skal ha innebygd støtte for nettverk.
- Det skal vere bygd slik at ein skal kunne køyre programkode sikkert mellom prosessar i eit nettverk.
Objektorientert programmering (OO) peiker å ein metode for programmering og utforming av språket. Den grunnleggande tanken bak OO er at ulike typar data som høyrer saman blir samla i objekt med tilhøyande operasjonar. Slik blir data og kode samla i einingar kalla objekt. Eit objekt er ei samling av oppførsel (datakode) og tilstand (data). Prinsippet er at ein skil tinga som endrar seg over tid og tinga som ikkje endrar seg. Denne inndelinga i objekt gir eit meir stabilt fundament for programvareutforming. Målet er å gjere store programvareprosjekt enklare å handtere.
Å vere plattformuavhengig tyder at program skrive i språket Java må kunne køyre likt på ulik maskinvare og på ulikeoperativsystem. Ein skal kunne skrive programmet éin gong og køyre det overalt.
Java vert grunnleggande sett lansert i to utgåver:J2SE (standard-versjonen) ogJ2EE (enterprise-versjonen), der sistnemnde omfattar noko langt meir enn berre Java, eit fullstendig rammeverk for utvikling av komplekse applikasjonar.