Programleiarar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over programleiarar forEurovision Song Contest. 90 personar har til saman vore programleiar for dei 60. finalane.Katie Boyle har leia finalen totalt fire gonger aleine,Jacqueline Joubert ogPetra Mede to aleine og dei resterande éin gong; anten aleine eller saman med éin eller to andre. Alle programleiarane har òg leia semifinalen eller semifinalane, med unntak avAlsou ogIvan Urgant. 29 personar har leia finalen aleine, 43 saman med éin annan og 18 har måtte dele scena med to andre.Natalia Vodianova ogAndrey Malahov leia dei to semifinalane i 2009, men ikkje finalen, og er dimed dei einaste som har vore programleiar uten å leie ein finale. Tolv personar har vore green room-programleiar.
I 1985 designaChrister Lindarw ein kjole tilLill Lindfors, som ho tok på seg før ho skulle inn på scena etter framføringene av alle bidraga.[1] Eit fåtal personar som jobba med tevlinga hadde planlagd eit kupp.[2] Ho hadde festa underdelen på kjolen til overdelen, og teke på seg eit skjørt med ein snor i.[2] Då ho gjekk inn på scena fall skjørtet av, og ho stod att i trusa.[2]
Haddy N'ije vart den fyrste mørkhuda programleiaren då ho leia tevlinga i 2010.[3]
Som green room-programleiar i 2013 saEric Saade «back to you, Petra #milf», noko som vekte reaksjonar.[4]
Om ein ser bort frå tevlingane med berre éin kvinneleg programleiar var tevlinga i 2015 den fyrste som berre har vore leia av kvinner.[5]