Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Professor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein professor er ein ekspert i sitt fagfelt.

Professor (av latinprofiteri, «offentleg framføre», ein som hevdar offentleg å vereekspert) er den høgste tittelen for ein person som forskar og underviser ved eituniversitet eller ved andrehøgskular ogvitskapelege institusjonar.

Professorar i Noreg

[endre |endre wikiteksten]

INoreg kan tittelen «professor» berre nyttast for stillingar på høgste vitskapeleg eller kunstneriske nivå ved universitet og høgskular som er akkreditert som institusjon eller for einskildstudium etterLov om universiteter og høyskoler. Dette framgår av § 6-7 i denne lova, der det òg er fastsett at departementet kan gje tilsvarande vern til andre titlar på undervisings- og forskerstillingar.[1] For å bli professor krevst det som oftastdoktorgrad og omfattande vitskapeleg publisering. Det er no svært sjeldan at ein person utan doktorgrad blir tilsett som professor.

Fram til 1985 var det som hovudregel berre ein professor ved kvartinstitutt ved universiteta, og vedkommande hadde difor ein meir framståande posisjon. Andre vitskapsmenn med tilsvarande kompetanse vart utnemnde tildosentar. Ved ei reform i 1985 vart alle dosentstillingar ved dei norske universiteta ogvitskapelege høgskulane omgjort til professorat. Tittelen dosent vart i ein periode berre nytta ved dei statlege høgskulane, som ihøgskuledosent. Frå 2006 er tittelen tatt opp att som ein tittel tilsvarande professor, men med inngangsløp frå førstelektor og ei noko breiare kvalifiseringsplattform enn professor.

I det norske akademiske hierarkiet rangerer professorar overførsteamanuensar.

Professor II

[endre |endre wikiteksten]

Stillinga somprofessor II er ei vitskapeleg bi-stilling (andrestilling), og rekna til å utgjere 20 % stilling. Slike stillingar vert ofte brukt når universitet og høgskular vil knyte til seg spesialkompetanse frå personar som har hovudsysselsetjinga si på anna hald. Ein professor i andrestilling kan ha hovudsysselsetjing som professor, forskar e.l. ved eit anna universitet eller institutt, sommuseumskonservator, praktisere somadvokat, utøvandekunstnar m.v. Ordninga er framfor alt brukt innan medisin. Dei fleste medisinprofessorar er professor II, og praktiserandelegar som har hovudsysselsetjinga si som overlege e.l. ved universitetssjukehus.

Professor emeritus

[endre |endre wikiteksten]

Professoremeritus er eit omgrep nytta på einpensjonert professor. Det latinske leddetemeritus, som tyderuttent, vert også brukt i andre samanstillingar, mest vanleg sombiskop emeritus. I nokre land, som for eksempel iSverige, eremeritus ein tittel som vert tildelt etter forteneste. I Noreg er bruken avemeritus-tittelen fri.

I latin er formaemeritus ei hankjønn eintalsform. Ein pensjonert kvinneleg professor har etter korrekt latinsk grammatikk tittelenprofessor emerita. Fleire personar (uavhengig av kjønn) med denne tittelen kan kallastprofessores emeriti. Det er vanleg å forkorte emeritus/emerita somem., altså professor em.

Fotnoter

[endre |endre wikiteksten]
  1. Lov om universiteter og høyskoler

Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2021
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Professor&oldid=3504103»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp