Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Porvoo-fellesskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landa i Porvoo-fellesskapet.

Porvoo-fellesskapet er eit anglikansk-luthersk kyrkjefellesskap mellom dei lutherske kyrkjene iNorden ogBaltikum, dei anglikanske kyrkjene påDei britiske øyane og episkopalske kyrkjene påDen iberiske halvøya. Avtalen om fellesskapet, Porvoo-avtalen, vart forhandla fram iPorvoo iFinland.Den norske kyrkja slutta deg til avtalen gjennom vedtak iKyrkjemøtet1994. Avtalen vart underteikna av dei øvste kyrkjeleiarane ved kyrkjelege seremoniar1. september1996 iNidarosdomen,8. september 1996 iTallinn domkyrkje iEstland og28. november 1996 iWestminster Abbey iLondon. Preses iBispemøtet,Andreas Aarflot og leiar iKyrkjerådet,Oddbjørn Evenshaug, underteikna for Den norske kyrkja.

Avtalen inneber at kyrkjesamfunna godkjennerdåp,nattverd og bispeembete hos dei andre avtalepartane, og at døypte medlemmer av dei einskilde kyrkjesamfunna kan rekne seg som medlemmer av andre kyrkjer i fellesskapet. Innan Porvoo-fellesskapet kanbiskopar,prestar ogdiakonar gjere teneste utan nyordinasjon ellervigsling.

Medlemskyrkjer

[endre |endre wikiteksten]
Land med kyrkjer i Porvoo-fellesskapet, markert med kva år dei gjekk inn i det.

Den danske folkekyrkja ogDen latviske lutherske kyrkja deltok i utforminga av avtalen, men godkjende ikkje Porvoo-avtalen. Den danske kyrkja slutta seg først til fellesskapet den 3. oktober 2010, medan den latviske har status som observatør.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Fotnotar
  1. Folkekirken og Porvoo, arkivert fråoriginalen 30. oktober 2013, henta 4. januar 2011 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Porvoo-fellesskapet&oldid=3437408»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp