
Thaippongal (tamil தைப்பொங்கல்) eller berrepongal er einhaustfest feira avtamilar over heile verda, uavhengig av religion. Høgtida er særleg viktig for bønder, som takkarsola,regnet oghusdyra for grøda dei skaper, men ho blir også feira i stort mon i byar og i tamilske utvandrarmiljø.
Pongal finn som regel stad mellom 12. og 15. januar, frå slutten av den tamilske månadenmaargazhi og inn imånaden thai, og går over fire dagar. «Pongal» tyder 'renna/koka over', og det er vanleg at ein let ei grytemjølk koka over denne dagen, som eit symbol på framtidiggrøde ogrikdom. «Thai» viser til dentamilske månaden som tek til under feiringa.

Dagen før sjølve pongal er vigd til gudenIndra, ein gammal indisk regngud, og til førebuingar av feiringa. Veddaggry tenner ein eit stortbål som blir halde vedlike dagen og natta til endes. Her kan ein kasta gamle, ubrukelege ting og haldningar.
Bønder tilber reiskapane sine, somplogar ogsigder, og bruker dei til å hausta inn ris,gurkemeie ogsukkerrøyr frå markene til bruk neste dag. Huset blir vaska og ein lager storebakketeikningar —kolam — med kvite og raude fargar, laga avris og raudjord, gjerne medgraskarblomar plasserte ikuskitklumpar langs linjene.
Om kvelden blir det slått på tromme og dansa rundt bålet.

Den andre, og viktigaste, pongal-dagen byrjar månaden thai, og er tileigna solgudenSurya. Om morgonen teiknar ein eit kolam-bilete av solguden med dekorasjonar rundt. Eit nyttkokekar blir fylt med ris, mjølk og «jaggery» (råsukker) som får koka over. Når dette skjer lagar tilskodarane mykje lyd ved å slå på gryter og lokk, blåsa i einkonkylie og ropa «Pongalo pongal!». Noko av risen blir ofra til ein gud og resten servert til folka i huset, saman med mykje annan god mat.
Denne dagen gjev ein gåver, gjerne nye klede, til nygifte og tenarar.

Tredje dagen av feiringa er maattu-pongal, eller ku-pongal. Denne dagen dyrkar bøndene kyrne sine ved å vaska dei, pynta dei, gje dei god mat og utføra ein liten seremoni for dei.
Jallikattu, ei populær tilstelling der folk bryt medokser, blir halden i fleire landbyar denne dagen.
Den fjerde dagen har namn etter 'å sjå', og er ei tid ein kan vitja familie eller vennar.
Denne dagen kan jenter tilbefuglar ved å ofra kokt ris og legga ut til dei. Jenter kan også be spesielt for brørne sine denne dagen.
I 2008 kom delstatsministeren avTamil Nadu med eit framlegg om å gjera pongal tiltamilsk nyttår, noko det tidlegare i historia kan ha vore.[1]
Okseslåstinga blei forbode av den indiske høgsteretten i 2008, men forbodet blei omgjort til strengare reglar for folk og dyr etter store protestar.[2]
Høgtida har likskapstrekk medsankranti oglohri, som blir feira på om lag same tida rundt om i India. Ein finn også liknande haustfestar blant bønder iBurma,Kambodsja ogKorea.