Ordet politi stammar frå detgreske ordetpoliteia, som betyr «borgarskap».
Det har vore eit rikt utvalslanguttrykk for politi. På 1930-talet finn einspanser ogmessing, i nyare tid harsnut,purk,pink,onkel politi,onkel blå eller berreonkel vore bruka.
Hovudoppgåva til politiet er å gjere det trygt for folk ved å handheve lov og orden. Politiet skal forhindre og førebyggje straffbare handlingar og etterforske lovbrot. Den mest sentrale oppgåva er å verne om liv og eigedom, og å oppretthalde eller gjenopprette offentleg ro og orden. Politiet pågrip personar som er mistenkte for lovbrot, og held desse i varetekt til mistanken er vurdert avdomstolane. Politiet har som regel monopol på bruk av makt mot innbyggjarane i tråd med lover og juridisk kontroll.
Politistyrkar er inndelte iordenspoliti som patruljerer og ser til at det er ro og orden ogkriminalpoliti som etterforskar lovbrot. I landdistrikt kan den lokale politimakta verte utført av einlensmann ellersheriff.
Trafikkontroll er ein av oppgåvene til politiet, og vert gjerne utført av eigne politiavdelingar. Politiet tek òg del iredningstenesten, og hjelper brannvesen og ambulansetenesta vedulykker og katastrofar.
I motsetnad til dei fleste andre land har Noreg og Danmark integrert påtalemakta i politietaten. I praksis er det politijuristar som leier politietterforskinga, i kraft av rolla som påtalemakt. Politijuristane (politiadvokatane og politifullmektigane) opptrer òg somaktorar i domstolen, og kan i enkelte saker avgjere om ein skal innstille eller halde fram med å forfølgje eit straffbart forhold.
Ioldtida var det militæret som hadde ansvaret for å oppretthalde lov og orden i byane.Romarriket hadde eit svært effektivt system inntil riket tok til å smuldre opp, ogbystatane i detantikkeHellas hadde eigne militære styrkar som utførte politioppgåver.
Frå 400-talet tok forskjellige høvdingar og monarkar i Europa å ta på seg ansvaret for oppgåvene. Dei gav gjerne oppgåvene videre til lokale adelsmenn, som i sin tur gjerne utnemnde einkonstabel. Denne stillinga var ofte ubetalt, og vart i staden lønna med enkelte fordelar.
Den første organiserte og betalte politistyrken vart oppretta iLondon i1663, for å styrke den ubetalte styrken ein hadde frå før. Denne ordninga spreidde seg til andre stader iStorbritannia, slik at dei halvoffisielle «tjuvfangarane» og de ubetalte konstablane, som var kjende for korrupsjon og tilfeldig handsaming av folk, vart bytt ut med profesjonelle. Storbritannia var igjen ute med ein nyvinning dåMetropolitan Police Service vart oppretta. Denne er rekna som verdas første moderne politistyrke, og er mønster for oppbygginga av politiet i ei rekkje land.