I dag er Polen eit parlamentarisk demokrati som består av sekstenvoivodskap, og er det sjette mest folkesette medlemsland iDen europeiske unionen. Landet er dessutan medlem iNATO,SN,OECD,WTO og fleire andre internasjonale organisasjonar.
Forsøk på å forklåre etymologien til namnet «Polska» lukkast ikkje og opphavet av det held fram med å vere usikkert. Sannsynlegvis kjem det frå eit folkenamn «Polanie» (polanarar), som var einvestslavisk stamme folkesett i det notidigeStor-Polen, medan dette folkenamnet er avleidd avurslavisk *polje «åker» (jf. polskpole)[8]. Andre forfattarar stør at landsnamnet er direkte avleidd frå *polje, medan «polanarar» aldri eksisterte sidan dei opptrer i skrivne kjelder mykje seinare enn namnet «Polska» sjølv[9]. Adjektivetpolski «polsk» tydde opphavleg «åker(s)-» og fekk moderne meining om lag i1500-talet. Namnet «Polska» vert danna antakeleg ved forkorting avziemia polska («polsk land», jf. latinterra Poloniæ ogHrvatska som har òg adjektivisk opphav)[10].
Kroning av den fyrste kongen i Polen avJan Matejko.
Som den fyrste leiaren i Polen reknar ein fyrstenMieszko I (ukrona) som regjerte962-992[12]. Giftarmålet hans med den tsjekkiske prinsessenDubrawa av Böhmen i965 er anteke å ha påskunda kristninga av landet ifylgjande år[13]. Sonen deira,Bolesław I Chrobry, gjekk opp på trona ved faren sin daude i992 og regjerte fram til dauden sin i1025. Straks innan han døydde vart han krona av biskopen iGniezno (som då truleg var hovudstaden i Polen[12]) og vert difor rekna som den fyrste krona kongen av Polen. Under1100-talet kom det etterBolesław III sin daude til ei oppdeling av landet i mindre landskap som var styrte av hans born. Kort tid etter byrja interne kamper over trona iKraków som utvikla seg til den mest viktige byen i landet[14]. Denne perioden varte 160 år og la vestlege landskap til rette for å kome under tysk kontroll[15].Władysław I Alnehøg sameinte likevel riket og vert krona til konge av det sameinte Polen i1320.
Det polsk-litauiske samveldet i sitt største omfang
Det mellomalderlege kongeriket Polen gjekk i1385 inn ipersonalunion medStorhertugdømet Litauen for å verne seg motDen tyske riddarordenen ogStorfyrstedømet Moskva. I1569 vart einrealunion skapt mellom begge landa somde facto tydde at Litauen utgjorde ein del av Polen. Denne tida vert kalla for «det gylne hundreåret», medan det nyskapte landet vart kalla forDet polsk-litauiske samveldet eller «Republikken av to nasjonar» (polsk:Rzeczpospolita Obojga Narodów). Under1500-,1600- og1700-talet auka suksessivt makta til den polske adelen på kostnad av dei polske kongane, som til slutt førte til administrativt og sosialt kaos[16]. Det berømte uttrykketliberum veto (latin for «fritt veto») har opphavet sitt i tida då ein enkelt adelsmann hadde rett til å stoppe ei riksdagsavgjerd når absolutt semje om ei sak vart oppfatta som grunnleggjande for at ho skulle verte handheva[17]. Uttrykketpolsk riksdag stammar òg frå denne tida og vert brukt i dag om situasjonar der kaos og usemje rår.
Mellom1594 og1649 braut fleire kosakkopprør ut i det polske riket som ætta frå framfor alt religiøs forfylging av ortodokse ukrainarar av det katolske kyrkja og den polske staten. Det siste opprøret førte til at Ukraina i1654 slutta seg til Russland. Ifylgje fredavtalen mellom Russland og Polen frå1667 vart Ukraina definitivt tilføyd Russland.
Ved slutten av1700-talet vart det økonomisk og militært svake Polendelt ved tre høve (1772,1793 og1795) opp mellom stormakteneRussland,Preussen ogAusterrike. Territoriet krympa ved begge fyrste delingane og gjennom den siste delinga tok landet slutt å eksistere som sjølvstendig stat. Den polske nasjonen fekk dernest forvalte og utvikle kulturen sin underjordisk, trass attvendanderussifiserings- ogfortyskingskampanjar.
Den russiske armeen under unntakstilstand i Warszawa i 1861
Tusenvis av polakkar vende seg til hærane til detrevolusjonæreFrankrike for å kjempe for fridomen til nasjonen under flagga deira i deipolske legionane.Napoleon I oppretta i1807Storhertugdømet Warszawa som var ein fransksatellittstat. Polakkane forventa seg at storhertugdømet skulle vere det fyrste steget innfor attoppretting av ein suveren polsk stat. Storhertugdømet Warszawa vart likevel erobra av styrkane tilden sjette koalisjonen i1813 og etterpå delt mellom Russland og Preussen etterWienerkongressen i1815. Under resten av1800-talet tok fleire mislukka opprør plass, derav alle slost ned hardt (1830-31, 1832, 1844, 1846, 1848-49, 1863-65, 1866, 1905). Polakkar tok del ogso i opprør i andre statar som var direkte eller indirekte retta mot nokon av Polen sine tre okkupasjonsmakter. Det var berre etter denfyrste verdskrigen då den uavhengige, suverene polske staten vart atterreist. Kampane i Polen slutta likke fullt ikkje etter den fyrste verdskrigen. Det atterfødde Polen ende opp straks i konflikt med alle grannestatar over territoria som det hadde krav på.
Konflikten med Ukraina og deretter medSovjetunionen var den mest alvorlege og mest omfattande.Den polsk-sovjetiske krigen (1920-1921) slutta med ein polsk siger. Den polske grensa mot Sovjetunionen vart fastsett i1921 gjennom fredsavtalen iRiga.
Etter at polske grenser vart fastsette, oppstod det mange politiske og etniske problem – Polen var ein multietnisk stat som gjekk inn i konfliktar over grenser med nesten alle grannane sine. Ved sida av den storepolsk-sovjetiske krigen kjempa polakkar mellom anna motLitauen overVilnius[18] og motTsjekkoslovakia overZaolzie[19]. Sjølv om militære operasjonar tok slutt i1921, vart den tunge politiske situasjonen behalden og påverkar framleis internasjonale forhold mellom Poland og grannelanda[20][21].
Ny landsby for etnisk tyske (Volksdeutsche) som var forflytta frå det austlege Polen (som då, 1940, var okkupert av Sovjetunionen) til «Reichsgau Wartheland» annektert av Tyskland.
I denne perioden dreiv både tyskarane og sovjetarane forfylging av lokalbefolkninga med særleg fokus på å råke den polske eliten. Kringom 200 000 vart avretta eller døydde i fangenskap, med dei to regima ansvarlege for omtrent halvdelen kvar. Desse tala inkluderer om lag 50 000 menneske som vart avretta av tyskarane hausten 1939,massemordet på den polske offiserseliten i Katyn våren 1940 og nesten 10 000 som vart skotne i ein hasteaksjon avNKVD etter Tyskland invaderte Sovjetunionen i juni 1941, og personar som døydde som fylgje av deportasjonen av sirka 315 000 menneske tilsovjetiske arbeidsleirar iSibir ogKasakhstan[22].
Ei av massegravene i Katyn
Regimet tilAdolf Hitler var særleg hardt mot den polske sivilbefolkninga. Av alle land som var med i andre verdskrig, mista Polen den høgaste prosentdelen av befolkninga si. Den tyske okkupasjonen kravde livet til 6 millionar polakkar, halvdelen av dei polskejødar. Jødane utgjorde ved byrjinga av invasjonen om lag 10% av landet si befolkning, og rundt 90% av dei vartrydda ut. I tillegg kom enorme materielle øydeleggingar, der mellom anna Warszawa vart jamna med jorda[6].
Etter krigen måtte Polen, som fylgje av den sovjetisk-britisk-amerikanskeJaltaavtalen, gje avkall på store område i aust til Sovjetunionen, medan grensene ti landet vart forskuva vestover. Det nye Polen vart 20% mindre enn før krigen, og grenseendringane framtvinga migrasjonen av millionar av menneske – polakkar, tyskarar, ukrainarar og jødar. Som fylgje av desse hendingane vart Polen for fyrste gong i sin fleirkulturelle historie ein etnisk homogen stat. Ein polsk minoritet finst framleis i grannelanda Ukraina, Kviterussland og Litauen, so vel som i fleire andre land.
Makta i Polen vart overteken av ein sovjetkontrollert overgangsregjering gjennom rigga val som gav makta til sosialist- og kommunistdrivne parti i samband med frigjeringa fråNazi-Tyskland under slutten av andre verdskrig. Landet var utropt som einsosialistiskfolkerepublikk (offentleg namn1947-1990:Polska Rzeczpospolita Ludowa – «Folkerepublikken Polen» i1947 etter kampar som kosta ytterlegare 100 000 polakkar livet. Landet var under tida si som folkerepublikk medlem avWarszawapakta ogCOMECON. Under autoritær leiing avDet sameinte polske arbeidarpartiet (PZPR) heldt Polen fram med å vere sosialistisk folkerepublikkde iure til1990 (de facto1989), då eit fritt, demokratisk land var proklamert.
Under Stalin-perioden vart landet styrt med ganske repressive metodar. Etter dauden til Stalin var ei viss reformering og liberalisering innført underWładysław Gomułka. Etter1968 vert misnøya med systemet kanalisert i eiantisemitisk utreinsking og i1970, etter opptøyane i hamnebyaneGdańsk,Gdynia iSzczecin, der fleire demonstrerande arbeidarar vart daudskotne, vart Gomułka avsett avEdward Gierek.
Edward Gierek leia kommunistpartiet 1970-1980. Her til høgre saman medJimmy Carter, 30. desember 1977.
Foto:White House Staff Photographers
Gierek freista å modernisere industrien i landet gjennom vidløftige lån og import, dette samstundes som misnøya mellom befolkninga auka og førte til ei langvarig streikebølgje. I september1980 vart Gierek avsett av partiet. Straks deretter vert den frie fagforeininga og statborgarrettsorganisasjonenSolidarność («Solidaritet») skapt under dei ville streikane, medLeninverven i Gdańsk som sentrum. Til streikleiar vartLech Wałęsa, den framtidige presidenten i Polen, oppnemnd. Arbeidarane ved verven kravde å få forhandle med regjeringa i direktesend TV for å minske moglegheitene til regjeringa å manipulere kravet. I1981 vart generalWojciech Jaruzelski vald som partileiaren og13. desember 1981 innførte hanunntakstilstand for å attopprette kontrollen over landet og antakeleg i eit forsøk å forhindre ein sovjetisk invasjon, liknande den fråUngarn (1956) ogTsjekkoslovakia (1968). Jaruzelski heldt fram med å vere ved makta til samanbrotet av sosialismen i austblokka i1989, var president under overgangstida og gjekk av i1990, då leiaren til «Solidaritet», Lech Wałęsa tiltredde stillinga. Sidan dess har landet demokratisk styreform.
Under sosialistane lei landet av store brot av statsborgarrett og demokrati, ineffektiv produksjon og mangel på varer på marknaden, som leidde til at korrupsjon og svartebørssystem var permanente problem. All industri og alle kommunikasjonsmiddel var statsåtte, med unntak for små handverk- og handelsføretak. I motsetnad til Sovjetunionen og dei andre satellittstatane heldt det meste av jordbruket fram med å vere privatått av sjølvstendige småbrukarar. Ved overgangen tilmarknadsøkonomi stilte mellom annaVerdsbanken krav på sanering av økonomien. I dag har landet høg vokster mellom anna gjennom utvidking av tenestsektoren og gjennom flytting av produksjon frå vestlege land. Høg arbeidsløyse og låge lønner er ein av orsakane til at mange polakkar vandrar ut tilVest-Europa, noko som i det siste vert oppfatta som ein av største utfordringar for landet sin økonomi.
Polen gjekk med iNATO i1999, iOECD i1966, og iEU i2004. Sidan dei politiske endringane i1989 har Polen tok del i fleire militære operasjonar verda rundt som USA sin allierte[23].
Polens administrative inndeling har tre nivå. 16voivodskap (landskap), som er det høgaste nivået, vert delte inn i 379powiatar (krinsar), som vidare vert delte i 2478gminaar (kommunar). Dei noverande voivodskapa samsvarer ofte med historiske regionar i landet og vert etablerte saman med powiatane i1999, som erstatning for gamle 49 voivodskap, sentrerte rundt og namngjevne etter individuelle byar. Voivodskapa varierer i areal (frå under 10000km² til over 35000km²) og i befolkning (frå éin til over fem millionar innbyggjarar). Det administrative styret av voivodskapa er delt mellom ein statsinnsett voivod (guvernør), ei vald regional samling (sejmik) og ein internvald leiar for denne samlinga.
Av 379 powiatar, er 65 eigentleg bykommunar som på grunn av økonomiske eller historiske faktorar har rettar av både kommune og powiat.
Polen er eit forholdsvis stort land, men ein finn ikkje dei storeklimatiske variasjonane i landet.Vêret i seg sjølv varierer derimot ein del, både frå dag til dag og frå årstid til årstid. Sommaren har som regel varme dagar og ikkje altfor kjølige netter medtemperaturar over 30°C eller under 10°C eit par gonger i løpet sommaren.Torevêr er forholdsvis vanleg frå mai til august, og innimellom kan vedvaranderegn føre tilflaum. I kystområda avAustersjøen går derimot torebyene over i regnbyer, og temperaturen er noko lågare, rundt 16-20°C. FjellområdaKarpatane ogSudetane kan få mykje torevêr og store temperatursvingingar.
Hausten fører ofte med seg mykje fint vêr i store delar av Polen, inkludert skogområda i sør og ved foten av Karpatane.Nedbørsmengdene minkar vanlegvis om hausten, bortsett frå på kysten i nord som ofte får ein delyr. Temperaturane held seg stort sett over frysepunktet til ut i november. Når vinteren set inn vert det derimotskya og kaldt (ofte svært kaldt) med lettsnøfall om lag annakvar dag. Dei austlege og nordlege områda er som regel dekte av snø i januar og februar, og sjølv langs Austersjøkysten kjem det vanlegvis snø, men sjeldan i store mengder. Langs kysten kan det derimot blåse ein del om vinteren. Enkelte vinterdagar kan temperaturen stige over 10°C, særleg i sørlege område når ein sørlegfønvind strøymer over fjellrekkjene der.
Våren er like tørr som hausten, og dette er tida på året med flest klårvêrsdagar. Temperaturane kan derimot svinge ein god del, frå nesten sommarlege temperaturar om dagen til frost om natta.Warszawa, som er representativ for klimaet i store delar av Polen, har ein årleg nedbørsnormal på 555 mm, der om lag halvparten fell mellom mai og august.
12Wyrozumski, J. (1988).Historia Polski: do roku 1505. Warszawa: Państwowe Wydawnictwo Naukowe.
↑Derwich, M.; Żurek, A. (2003).Polska. Dzieje cywilizacji i narodu. Tom I: U źródeł Polski. Do roku 1038. Warszawa-Wrocław: Bertelsmann Media-Wydawnictwo Dolnośląskie. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Bujak, A. (1999).Królewski Kraków. Kraków: Biały Kruk.
↑Higounet, Ch. (2001).Die deutsche Ostsiedlung im Mittelalter. Berlin: Siedler.
↑Jasienica, P. (1972).Rzeczpospolita Obojga Narodów. Dzieje agonii. Warszawa: Prószyński i S-ka.
↑Augustyniak, U. (2008).Historia Polski 1572-1795. Warszawa: PWN.
↑Buchowski, K. (2006).Litwomani i polonizatorzy. Białystok: Wydawnictwo Uniwersytetu Białostockiego.
↑Czapliński, M.; et al. (2002).Historia Śląska. Wrocław: Wydawnictwo Uniwersytetu Wrocławskiego. CS1 maint: Explicit use of et al. (link)