Polarmåse er ein stor og tung måseart, ca. 62-68centimeter i lengd med eit vengespenn på 138-158 centimeter. Jamført medsvartbak har dermed polarmåse lengre kropp, men kortarevenger. Han er uvanleg lys i allefjørdrakter, utan svarte element i venger eller hale, og han har lysrosa bein. Når han sym på vatnet synest nakken tjukk, og iflukt han ser framtung ut med den runde buken og lange halsen. Først i det fjerde leveåret får polarmåsen den vaksne fjørdrakta.
Sommardrakta for vaksne fuglar er lys grå på oversida, og elles heilt kvit.Nebbet er tjukt og gult med ein raud flekk ytterst på undernebbet. Han har eit bleikt andlet med guliris og vanlegvis gul augehudring. I vinterdrakta er hovud og halsen spraglete i gråbrunt.
Juvenile fuglar førekjem i ein mørk og ein lys fase. I den mørke fasen er fjørdrakta lys, gråbeige, finspreklete utan mørke område på venger eller hale. I den bleika, lyse fasen er drakta nesten rein kvit med berre eit snev av lyse sjatteringar. I begge fasane er nebbet svart på tuppen, som kontrast til ein bleikrosa base på nebbet. Irisen er mørk. Andre vinteren har drakta grove gråflekker, iris har blitt lys og nebbet har fått ein liten kvit flekk ytst på spissen av nebbet. Tredje vinteren blir oversida lysgrå, nebbet blir gult, men enno med svart og kvitt mot nebbspissen. Hovudet og halsen er gråspraglete.
Samanlikna medgrønlandsmåse er polarmåsen større og grovare, har breiare venger, buttare vengespiss og er meir tjukknebba. Augehudringen hos vaksen grønlandsmåse er meir raudleg.
Det er ulike syn på taksonomien for polarmåse. Autoritetar som Clements et al. 2011, deler polarmåse inn i fire underartar:[4]
Larus hyperboreus hyperboreus, nominatforma, hekkar på Jan Mayen, Svalbard, Franz Josef Land, i Novaja Semlja og det nordlege Russland austover til Tajmyrhalvøya.
Larus hyperboreus pallidissimus, hekkar i det nordlege Russland frå Tajmyrhalvøya og aust tilBeringhavet ogPribiloføyane.
Larus hyperboreus barrovianus, langs nordkysten av Alaska og nordvestkysten av Canada.
Larus hyperboreus leuceretes, hekkar frå nordvestre kyst, til arktiske øyar i Canada, på Grønland og Island.
Polarmåse hekkar på kysten av svaberg eller bratte graskledde bakkar, men kan òg hekke fleirekilometer inn i landet i høge fjellskrentar eller på små øyar.[2] Dei kan hekke parvis eller i små koloniar og byggjer eit reir på bakken eller på ein stein. Vanlegvis legg dei 2-4egg.
Utanfor hekkesesongen held dei seg stort sett langs kystar, vitjar ofte fiskerihamner og der det finst avløp frå kloakk og på søppelplassar.[2]
Polarmåse er altetande som dei fleste måsane islektaLarus, og etåtsel like gjerne småbyttedyr. Han kan symje eller gå medan han søkjer føde, men kan òg plukke opp mat frå vatnet og fange mindre fuglar i flukt. Polarmåse følgjer ofte etterfiskebåtar.
Det er anslått at det er frå 277200-437200 hekkefuglar i verda,[5] og av desse hekkane er 30000 til 50000 par av Grønland, hovudsakleg i den vestlege delen, 10000-50000 par i Sibir, 15000 par i Alaska og titusenar i Canada. Den største populasjonen i Europa er på Island, kor 10000 til 15000 hekkande par. Andre store populasjonar i Europa er på Svalbard med ca. 4000 par,[5] i Russland med 2500 til 10000 par, og på Jan Mayen med 100-500 par.[2] Bestanden i Grønland er anslått å vere stabil. Utviklinga av den europeiske populasjonen er usikker. Ifølgje Fuglar i Europa (Burfield & van Brommels (red) 2004) er bestanden på Svalbard stabile, medan andre (Nilsson 2007) hevdar at bestandane på Svalbard og Island kraftig redusert det siste tiåret.[2] Populasjonen påBjørnøya har vore i nedgang sidan 1986, der er det påvist høge verdiar av organiske miljøgifter.[6] Global oppvarming blir antatt å representere ein reell trussel for arten fordi hekkeområda blir driven lenger og lenger mot nord.