Polabisk (venskă rec[1]) er eitutdøyttvestslavisk språk frå denlechitiske greina som vart brukt frå 600-talet[2] til midten av 1700-talet[3] i områda som i dag utgjer den nordaustlege delen avTyskland. Språket hadde mange felles særdrag medpommerske talemål ogpolsk, men isolasjon av den polabisktalande befolkninga førte til store dialektskilnader. Polabisk hadde heller ikkje eit standardisertskriftspråk. Det kunne skrivast meddet latinske alfabetet, men tekstuelle bevis er faktisk ganske få: hovudsakleg korte ordlister med omsetjing tiltysk. Dei to lengste tekstane –Herres bøn og folkevisa «Fuglebryllaup» vart skrivne ned av tyskarar då språket allereie var døyande, difor er dei fulle av tyskelånord[2].
Mangel på skriftstandarden og isolering av dialektar frå einannan og frå andre slaviske språk førte til stor grad av språkleg innovasjon, medan utsetjing forfortysking ligg bak leksikalsk utarming. Dette hadde til fylgje fleirtydigheit i vokabular, til dømes ordetzaīvët (< fråurslavisk *živòtъ) tydde både 'kropp' og 'mage', medanrånü (< frå urslavisk *ráno) tydde 'morgon', 'tidleg' og 'snart'.[1]