| Point Me at the Sky Singel avPink Floyd | ||
| B-side | ||
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 17. desember 1968 | |
| Innspelt | 4. november 1968 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 3:35 | |
| Selskap | Columbia (EMI)(Storbritannia) Capitol Records(Canada) | |
| Komponist | Roger Waters, David Gilmour | |
| Tekstforfattar | Roger Waters, David Gilmour | |
| Låtskrivar(ar) | ||
| Produsent | Norman Smith | |
| Pink Floyd-kronologi | ||
| «Let There Be More Light» (1968) | Point Me at the Sky | «The Nile Song» (1969) |
«Point Me at the Sky» er den femte britiske singelen til det britiske bandetPink Floyd, gjeven ut 17. desember 1968.[1][2] Songen var ein av første gongane bassistenRoger Waters og gitaristenDavid Gilmour skreiv ein song i lag.[3] Singelen kom ikkje ut i USA. Han vart derimot gjeven ut av Capitol Records i Canada, samt Japan og fleire land i Europa. Versa vert sungen av Gilmour, medan mellomspelet vart sungen av både Gilmour og Waters.
«Point Me at the Sky» har sidan vorte ein av dei mest obskure av alle dei offisielle utgjevingane til Pink Floyd. Han kom ikkje med på nokre av samlealbuma førThe Early Singles, ei bonusplate i samleboksenShine On frå 1992. Første gongen songen vart gjeven ut for eit breiare publikum var i 2016 då han var med i plateboksenThe Early Years 1965–1972 og den tilhøyrande samleplataCre/ation: The Early Years 1967–1972.[4]
Sidan det aldri var meininga at songen skulle gjevast ut på album vart innspelinga berre miksa i mono. Lydkvaliteten på monomiksen er heller uklår, og på grunn av dette er det stundom vanskeleg å fange teksten. Musikalsk startar songen roleg og vert så eit tungt psykedelisk stykke, stundom ganske lik «The Nile Song», som var den neste singelen til bandet i Storbritannia.
Singelen nådde ikkje listene. B-sida til singelen, «Careful with That Axe, Eugene», vart langt meir populær, og vart seinare gjeven ut på to samlealbum og ofte spelt på konsertane deira tidleg i 1970-åra.
Ei anna framføring av «Point Me at the Sky» vart spelt inn og send på BBC seint i 1968, men denne er aldri offisielt gjeven ut på plate. Gruppa laga ein promovideo til songen, der dei har på seg vernebriller og pilotklede ved sidan av fly frå 1920-åra.
Songen vart spelt avNick Mason's Saucerful of Secrets i 2018 og 2019.[5]
BandetAcid Casualties med gitaristRobbie Krieger fråThe Doors spelte inn songen og gav han ut på det einaste albumet deira,Panic Station i 1982.