Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Dikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråPoesi)

Dikt, også kallapoesi oglyrikk, er einsjanger innanforskjønnlitteraturen som har desse kjenneteikna:

Tekstane er ofte relativtkorte, somtid svært korte, og denne ord-økonomiseringa medfører at mykje meining må leggjast i kvart ord. Tekstane består avlinjer, ikkje setningar.

Dei fleste former for dikt har ein klarmusikalitet. Truleg er dikt opphavleg meint å skulle syngjast eller bli messa fram, kanhende dansast til. Musikaliteten i dikta får ein for det første fram ved at linjene har fastrytme, i ulike rytme-mønster. For det andre gir det og ein musikalsk effekt at ein i dikt ofte finn ulike typarrim. Dei vanlegaste er kanskje ende-rim, der dei siste orda i linjene rimer på kvarandre i ulik rekkjefølgje, og framlyd-rim (allitterasjon), der første lyden i minst to ord på ei eller helst to linjer rimer. I somme høve kan ulike rimtypar setjast saman til heile lyd-bilde, som liksom illustrerer innhaldet.

Somme av orda i dikta er ofte symbolske bilde, av to typar,samanlikningar ogmetaforar. Ei samanlikning har eit samanliknings-ord, ofte «som» eller «lik», mens metaforen ikkje har det.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Dikt&oldid=3543508»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp