Podlasie-voivodskapet (polskWojewództwo podlaskie eller berrePodlaskie) er ein av 16voivodskap iPolen. Det ligg nordaust i landet.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Białystok og Łomża, og halvparten av Suwałki. Namnet kjem frå den historiske regionenPodlasie og voivodskapet med same namn underDet polsk-litauiske samveldet (1569–1795).
Podlasie har den lågaste folketettleiken av dei seksten polske voivodskapa og består av store område med urørt natur. Rundt 30 % av området er verna. Den polske delen avBiałowieżaskogen ligg i Podlasie. Det er fire nasjonalparkar (Wigry,Biebrza,Bialowieża ogNarew), trelandskapsparkar (Suwałki,Łomża-Narew-dalen ogKnyszynskogen), 88 naturreservat og 15 verna landskapsområde i voivodskapet.