Pneumatolyse er omvandling av eibergart, ellerkrystallisasjon avmineral, ved gasshaldige utstrøymingar frå eitmagma. Gassane kan avsetje ulike mineral omkringvulkanske krater, såkallaekshalasjonsbeslag. Der gassane treng inn isidebergartane, vil desse til dels omdannast og nye mineral blir avsett. Dette er ein vanleg prosess vedkontaktmetamorfose og utgjer ei form formetasomatose. Nyttige mineral somkassiteritt,wolframitt ogmolybdenitt blir ofte danna ved pneumatolytiske prosessar. Pneumatolyse utgjer eit tidlegare stadium i den magmatiske utviklinga enn denhydrotermale fasen og føregår ved høgare temperatur.