Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pleiadane

Koordinatar:Sky map03h 47m 24s, +24° 07′ 00″
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fargebilete av Pleiadane fråDigitized Sky Survey-prosjektet.
Hubble-bilete av refleksjonståka nærMerope.

Pleiadane ellerSjustjerna (ògSjustjernene) er einopen stjernehop i stjernebiletetTyren. Han er blant dei nærastestjernehopane, med ein avstand på 440lysår, og er den aller mest synlege på nattehimmelen. Han er òg kjend somM45 (Messier 45). Namnet Pleiadane kan skriva seg frå dei sjunymfenepleiadane (Πλειάδες), som var døtrer avAtlas ogPleione. Det japanske namnet på stjernehopen erSubaru.

Hopen er dominert avvarme, blå stjerner som har blitt til dei siste 100 millionar år. Romstøv som dannar eirefleksjonståke rundt dei lysaste stjernene, var tidlegare rekna som restar etter danninga av stjernene i hopen, men no veit ein at refleksjonståka er ei sky av romstøv som stjernene i pleiadane for tida passerer gjennom.Astronomar reknar med at hopen vil eksistera i endå 250 millionar år; sidan vil gravitasjonspåverknad frå det galaktiske nabolaget ha drege han sund.

Kjelde

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Pleiadane


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pleiadane&oldid=3005996»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp