Please Please Me er det fyrste albumetThe Beatles laga. Det vart gjeve ut 22. mars1963 for å utnytte suksessen til singelen «Please Please Me» (andreplass)[1] og «Love Me Do» (17. plass). Av dei fjorten songane på albumet vart åtte av dei skrive avLennon/McCartney, og bandet vart eit av dei første som skreiv sine eigne songar og spelte sine eigne instrument.[2] I 2003 plasserte magasinetRolling Stone albumet på 39. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[3] På same lista vart det plassert først av dei tidlege Beatles-albuma, men berre på sjetteplass bak dei andre Beatles-albumaSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band,Revolver,Rubber Soul,The Beatles (The White Album) ogAbbey Road.
Rolling Stone hadde òg to songar frå albumet på lista deira over 500 største songane gjennom tidene med «I Saw Her Standing There» på 139. plass og «Please Please Me» på 189. plass.
I USA vart mange av songane påPlease Please Me først gjevne ut på Vee-Jay Records somIntroducing The Beatles i 1964, og seinare på Capitol Records somThe Early Beatles i 1965. Den opphavlege utgåva avPlease Please Me vart først gjeve ut i USA då Beatles-katalogen hamna på CD i 1987.
For at albumet skulle ha fjorten songar, som var standard for album i Storbritannia i 1963 med sju songar på kvar side, måtte bandet spele inn ti songar til i tillegg til dei fire som hadde vorte gjevne ut på singel. 11. februar 1963 starta dermed innspelinga iAbbey Road Studios medGeorge Martin som produsent. Innspelinga denne dagen varte 9 timar og 45 minutt.[4] Mykje av denne innspelinga vart gjort live i studio og dei skapte det autentiske lydbilete dei hadde hatt påCavern Club med få spor lagt oppå i ettertid.[5] George Martin hadde opphavleg tenkt å spele innPlease Please Me live føre publikum i the Cavern[6][7] og vitja klubben iLiverpool for å oppleve Beatles-fenomenet på eiga hand.[8][9] Men på grunn av dårleg tid valde han å reservere tid iAbbey Road Studios i staden for å spele dei inn live der i staden.
Dagen enda med ein coverversjon av «Twist and Shout», som vart spelt inn til slutt fordiJohn Lennon var kraftig forkjølt og Martin frykta at vokalen på denne songen kom til å øydeleggje stemma til Lennon for resten av dagen. Songen vart spelt inn på første forsøk og Martin sa «Eg veit ikkje korleis dei gjer det. Vi har spelt inn i heile dag, men jo lenger dei held på, jo betre vert dei.»[5]
Songen «Hold Me Tight» vart spelt inn for albumet, men sidan dei hadde for mange songar vart han ikkje med på albumet.[5] «Hold Me Tight» vart spelt inn på ny 12. september1963 for albumetWith the Beatles.[10]
Martin ønskte først å kalle albumetOff the Beatle Track førPlease Please Me vart gjeve ut som Parlophone PCS 3042.[11]
Please Please Me vart spelt inn på ein tosporsopptakar med dei fleste instrumenta på eine sporet og vokalen på det andre, slik at ein fekk betre balanse mellom dei to når dei miksa ned tapen imono.[12] Einstereo-miks vart gjort seinare med eine sporet i venstrekanalen og det andre sporet i høgrekanalen.
Please Please Me vart offisielt gjeve ut påCD den 26. februar1987, i lag med tre andre Beatles-album.