Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Planteplankton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diatomear som denne er mellom dei vanlegaste formene for planteplankton

Planteplankton ellerfytoplankton erplanktonorganismar medfotosyntese. Desse er som regel for små til å bli sett med det blotte auga, iallefall individuelt. Dersom det er mykje planteplankton i vatnet kan ein likevel sjå dei som eit grønt skjer i vatnet. Dette kjem avklorofyll icellene deira eller av pigment i såkallafycobiliprotein.

Økologi

[endre |endre wikiteksten]

Planteplankton får energien sin fråfotosyntese, ein prosess som krev lys. Difor lever dei i den såkallaeufotiske sona; det solopplyste overflatelaget ihavet,fjorden,innsjøen e.l. Opp til 90 % av oksygenet i atmosfæra kjem frå fotosyntetiserande planteplankton. I tillegg til dette er planteplankton det grunnleggjande elementet i så godt som alle marinenæringskjeder.

I tillegg til lys treng planteplanktonet ymse næringsstoff for å kunne veksa. Dette er hovudsakleg makronæringsstoff somnitrat,fosfat ogsilikat, men ògjarn er viktig. Særleg iSørishavet er det lite jarn i omløp, noko som gjer at mengda planteplankton der er lita. Nokre forskarar meiner ein bør gjødsla slike potensielle algefelt med jarn som eit mottiltak motCO2-utslepp.

Typar av planteplankton

[endre |endre wikiteksten]

Ordet planteplankton vert nytta om allefoto-autotrofe mikroorganismar i akvatiske næringsnett. Dette omfattar mange ulike grupper - i motsetnad til på landjorda, kor dei fleste autotrofar erplantar, omfattar planteplankton bådealger,protistar,bakterier ogarkebakterier. Me kjenner til om lag 5000 artar marint planteplankton.

Målt i tal på individ er dei viktigaste gruppene planteplanktondiatomear,cyanobakterier ogdinoflagellatar, sjølv om det òg eksisterer mange andre grupperalger. Ei gruppe,coccolithophoridane, er delvis ansvarleg for store utslepp avdimetyl-sulfid (DMS) i atmosfæra. DMS vert omdanna til sulfat, som igjen trekkjer til seg vassmolekyl og dannar skyer.

Ioligotrofe havområde somSargassohavet består planteplanktonet for det meste av særs små celler, kallapikoplankton. Som regel tyder dette store mengder cyanobakterier (Prochlorococcus,Synechococcus) ogpikoeukaryotar somMicromonas.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Planteplankton&oldid=3529716»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp