Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Planet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samanstilling av bilete av planetane i solsystemet vårt i same målestokk.

Einplanet er ein lekam som går i bane rundt eistjerne under påverknad avgravitasjonskrafta hennar. Planetar må ha ein viss storleik for å kunna kallast planetar, og derfor reknar me som regel ikkjeasteroidar ellerkometar som verkelege planetar.

Planetane rundt sola

[endre |endre wikiteksten]

Planetane ein kjenner best er dei som krinsar rundtsola, men det finst òg planetar rundt andre stjerner.Astronomar oppdaga dei første slike planetane i1990-åra, og i2004 klarte dei å fotografere éin av dei for første gong.[1]

I vårtsolsystem reknar ein med åtte planetar (ikkje medreknaSedna ogPluto). Dei er, i rekkjefølgje frå inst til ytst:

  1. Merkur (☿)
  2. Venus (♀)
  3. Jorda (🜨 eller♁)
  4. Mars (♂)
  5. Jupiter (♃)
  6. Saturn (♄)
  7. Uranus (⛢ eller♅)
  8. Neptun (♆)

Andre planetar

[endre |endre wikiteksten]

Astronomar har funne over 180 planetar i andresolsystem enn vårt eige. Som regel har ein funne desse planetane ved å sjå på korleis dei påverkar morstjerna, men i april2004 skjedde den første direkte observasjonen av ein lekam som truleg er ein planet. Med hjelp av det store teleskopet (Very Big Telescope) iChile såg ein lekamen påinfraraudebølgjelengder.

Planetkandidaten går rundt stjerna 2MASSWJ 1207334-393254, forkorta til 1207. Han er fem gonger så stor somJupiter, og stjerna hans er einbrun dverg, ei lita og lyssvak stjerne. Han ligg òg 7,5 milliardar kilometer vekke frå dvergen, endå lenger ennPluto er frå vår sol. Alt dette gjer det enklare for observatørar på jorda å sjå den moglege planeten.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Robert Roy Britt (10. september 2004),«Likely First Photo of Planet Beyond the Solar System»,Space.com (på engelsk), henta 27. mai 2022 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Planet&oldid=3387591»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp