Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Piktarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein gravert piktisk stein fråSkottland
Ormesteinen i Aberlemno,piktisk stein klasse I.

Piktarane var eit folkeslag som levde i det sentrale og nordlegeSkottland fram tilvikingtida. Namnet fekk dei kanskje avromarane fordi krigarane var tatoverte eller måla. I romersk tid fanst det to piktiske kongedøme: eitt i sør, som stadig gjekk til åtak på nordgrensa til Romerriket, og eitt i nord, som også busetteOrknøyane ogShetland. Ca.841 blei dei sameint med det gælisktalande folket iDalriada, som var avirsk opphav, under kongKenneth I av Skottland.

Piktarane kan ha vore ein rest av ein før-keltisk folkesetnad på dei britiske øyane. Språket deira var i utgangspunktet ikkje-indoeuropeisk eller ikkje-keltisk, men blei stadig meir prega av og blanda med det keltiske språketgælisk etter kvart som dei to folkegruppene blei blanda og integrert.

Lengst heldt piktisk språk og kultur stand i dei nordlegaste delane av Skottland. Detpiktiske språket døydde truleg ut til bate fornorrøntShetland1200-talet. Det er mykje som tyder på at dei innfødde overlét øyane til nordmennene på fredeleg vis.[treng kjelde] Det kan òg vera dei gifte seg inn i og vart ein del av den norrøne folkesetnaden. Nordmennene nytta namnetpetar på dei.

Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Piktarar&oldid=3583643»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp