Lys med ulike bølgjelengder (fargar) treffer eit pigment. Pigmentet absorberer raudt og grønt lys, men reflekterer blått, slik at overflata ser blå ut.
Pigment, ellerfargestoff, er stoff som gjev objektfarge, ved å reflektera lys av vissebølgjelengder. Pigment finst naturleg i dei fleste dyr og plantar.
Pigment imåling ogplast eller tiltrykking er som oftast eitkjemisk framstilt pulver. Det mest utbreidde er det kvitetitanoksidet,titankvitt, som har svært høg lysbrytingsindeks. Titankvitt vart oppfunne i1918 av nordmenneneP. Farup ogG. Jensen,og tok raskt over forsinkoksid som fargestoff i lys måling.
Til raud og okergul måling bruker ein ulike variantar avjernoksid, og som svart pigment nyttar einsot. Til alle andre fargar lagar ein i dag organiske, syntetiske pigment, som kan vera langt meir fargesterke enn naturlegemineral, og nesten like fargestabile.