Piemonte[a] er ein av tjueregionar iItalia. Han har eit areal på 25387 kvadratkilometer, og har om lag 4,3 millionar innbyggjarar.Valle d'Aosta i nordvest høyrer både historisk og geografisk til Piemonte, men utgjer ein autonom region. I nord grensar Piemonte tilSveits, i vest tilFrankrike, i sør tilLiguria, i søraust tilEmilia-Romagna og i aust tilLombardia.
Tre forskjellige geografiske område dominerer Piemonte:
Alperegionen medAlpane utgjer dei vestlege og nordlege områda av regionen. Her finn einDei oksitanske dalane (Valle Stura,Valle Maira,Valle Maraita,Valle del Po,Valle del Chisone,Val Pellice,Valle di Susa,Valle d'Aosta) og områda rundt vestsida avLago Maggiore. Det høgaste fjellet i området erMont Blanc, langt oppe iAostadalen, men i sjølve regionen Piemonte er dei høgaste fjelltoppeneMonte Rosa (4634moh.),Gran Paradiso (4061 moh.) ogViso (3841 moh). Den høgaste fjellovergangen i Alpane,Col de Sommeiller, ligg òg her.
PåPosletta finn ein dei største byane i Piemonte, og her bur òg dei fleste innbyggjarane. Den vidstrakte Posletta, som er dekt med vatn på rismarkene rundtVercelli ogNovara, glitrar mot vest og går over til dei mektige fjella i Alpane.Torino som ligg ved kanten av Posletta, har utsikt til åssidene og Alpane som dannar fantastiske naturlege kulissar for byen. Dryge 16 millionar menneske lever rundt Posletta og er det mest oppdyrka området og gjer Vercelli til senteret for risdyrking i Europa. Italia dyrkar enorme mengder med ris, ikkje langt frå Torino og i regionen Piemonte.
Høgdedraga søraust i regionen (Monferrato,Langhe,Roero) vert utnytta i landbruket og har ein del turisme. Her finn ein dei kjende vinane i Piemonte, somBarolo,Barbera ogBarbaresco).
Av det samla arealet til Piemote er 1930 kvkm (7,6%) verna område: Det har 56 parkar eller naturvernsområde, to nasjonale naturparkerGran Paradiso ogVal Grande, den regionale naturparkenLaghi di Avigliana og den provinsielle parkenLago di Candia.
Det dominerande skriftspråket eritaliensk. Men mange innbyggjarar talarpiemontesisk, og i nokre avsidesliggande alpedalar nyttar ein framleis det gamleoksitanske språket.
IValle d'Aosta nyttar òg så mangefransk at det òg er i bruk i offentleg forvaltning.
Piemonte er òg tyngdepunkt forvaldensarane, ei protestantisk rørsle som byrja som kyrkjekritisk utbrytargruppe iLyon-området på 1200-talet. Dalføra iAlpane vest forTorino vert ofte uformelt kallaWaldensia eller Valdensardalane, og der liggTorre Pellice, som i fleire hundre år har vore senter for den italienske valdensarkyrkja sine viktigaste institusjonar.
Området har vore busett sidan utgangen av yngre steinalder. Etter at isen trekte seg opp iAlpane kom det keltisk-liguriske grupper somtaurinarar ogsalassarar til området. Dei vart etter kvart trengt bort av romarane som grunnla koloniar somAugusta Taurinorum (i dagTorino) ogEporedia (Ivrea).
Kongedømet Sardinia i 1839: Fastlandet Piemonte, medSavoie øvst til venstre (rosa) og Nizza (Nice) nedst til venstre (brunt). Begge er nofransk. Sardinia er innfelt øvst til høgre.
Piemonte si sjølvstendige historie byrjar då romarane trekte seg tilbake etterRomarriket fall frå kvarandre.folkevandringstida reiste ei rekkje folkeslag gjennom området. Lenge var store delar av det eit litelangobardisk fyrstedømme, eitmarkgrevskap, sentrert om Torino. I 1046 kunnehuset Savoie innlemme markgrevskapet Piemonte til sine område, som inntil då var avgrensa tilSavoie, med hovudstad iChambéry (no iFrankrike). Savoieherskerne vart gjort til hertugar i 1416, og hertugEmanuele Filiberto flytta residensen sin til Torino i 1563. Piemonte vart fleire gonger erobra av vekselvisFrankrike ogHabsburg-herskarane. I 1718 klarte Savoie-herskarane å sameine Piemonte og Sardinia og mottok kongeembete to år seinare som nådehandling av dentysk-romerske keisaren iWien.Republikken Alba vart oppretta i 1796 som ein franskvasallstat i Piemonte før området vart annektert avFrankrike i 1801. Frå 1814 kom området igjen under austerriksk kontroll, som gjorde det til sin eigen vasallstat. PåWienerkongressen i 1815 fekk Piemonte-Sardinia tillagtRepublikken Genova for å styrke han som barrierestat motFrankrike. Dette kongedømet, med hovudstad i Torino, vart kallakongedømet Sardinia (sjå kart).
Kongedømet Sardinia var springbrettet forsamlinga i Italia i 1859-1861, etter to mislykka krigar motAusterrike i 1820-1821 og 1848-1849.
I 1969 vart det blodige arbeidaropprør i Torino, som førte til opprettinga av terrororganisasjonenDei raude brigadane. Piemonte har sidan opprettinga i 1992 òg vore høgborg for partietLega Nord som arbeider for norditaliensk sjølvstende.
I motsetnad til andre delar av Italia er turismen i Piemonte forholdsvis moderat. Tyngdepunktet ligg i nord vedLago Maggiore og iLanghe, der ein kan nyte m.a.vin ogtrøflar. Trøffelsesongen byrjar med trøffelhaustinga i oktober.
Piemonte har mange på kunst og kulturskattar. Av dei mest kjende finn ein dei barokke praktbygningane i Torino (Palazzo Reale,Palazzo Madama, kyrkja San Lorenzo). I Stupinigi, ein forstad til Torino, ligg lystslottet Palazzina di Caccia. I seinrenessansen vartSacro Monte bygd i Varallo. Frå mellomalderen er abbediet Staffarda og borga i Manta bevart. Frå romansk tid finst klosteret San Giulio på øya San Giulio iOrtasjøen. VedLago Maggiore høyrerIsole Borromee til dei største attraksjonane.
Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia. Arbeidsløysa er med omkring 8% langt lågare enn det italienske gjennomsnittet (11%). Nokre av dei viktigaste italienske selskapa har setet sitt her, som bilprodusentaneFiat ogLancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikantenFerrero (iAlba) og elektronikkselskapetOlivetti (iIvrea). Ved sidan av moderne industri i og omkring Torino, ullhandsaming iBiella og serviceindustrien er òg landbruket viktig.
Gastronomisk vert Piemonte rekna som eit av dei beste matdistrikta i Italia, ved sidan avToscana ogSicilia. I Po-området vert dyrkaris (ein tredjedel av den europeiske ris-produksjonen stammer frå her),frukt oggrønsaker. Høgdeområda produserervin oghasselnøtter, og iAostadalen vert drive dyrerøkt.
Piemonte sin tradisjonelle rett erbollito (kokt). Oppskrifta består mellom anna av fleire kjøttypar som vert kokt saman - opp mot fire timar i gryta. Det gastronomiske året i Piemonte startar medbollito,trøflar,avoli (sopp) og andre typiske råvarer frå denne årstida om hausten og vert avslutta om våren medasparges i mange utgåver. Så i resten av sommarhalvåret låner innbyggjarane rettar frå andre distrikt, for så om hausten å starte igjen på det gastronomiske piemontesiske kretslaupet.
Piemonte sine kulinariske tradisjonar er kjend for å skape meisterverk i nyskapingar og raffinement, ofte ved hjelp av heilt vanlege ingrediensar (som mange andre stader i Italia).
Dette kan illustrerast med historia omkylling Marengo: Dagen før det blodige slaget ved den litle byenMarengo 14. juni 1800, stodNapoleon med hæren sin klar til angrep, men det herska kaos rundt matfatet og det var umogeleg å finne fram til kjøkkenvognene. Kokken måtte improvisere for generalane og førstekonsulen. Han måtte stele nokre høns og kalla retten for «Kylling Marengo». Etter det storslåtte måltidet fekk kokken skryt av Napoleon.
Historikarar er einige om at denne soga er ganske korrekt, men meiner at æra for denne opphavlege, genuine retten, må kome frå ei ukjend fattig bondekone frå Piemonte som laga til hønsa enkelt, slik skikken var på staden, med smør, olje, muskat, vin, mjøl og persille. Fleire variantar av denne kjende retten finst i dag. Samansettinga vart eit ugløymande festmåltid for dei høge herrane og det same kan ein seie om hønseretten som har føydd seg inn i historia.
Piemonte er kjend som eit av dei beste områda for trøffelsanking. Trøffelen er «diamanten» i dei mange rettane som vert laga frå oktober til desember, og i enkelte tilfelle kan sesongen vare til januar. Trøflane finst i nærleiken av eike- og kastanjetre. Trøflane veks djupt under overflata. Spesielle hundar vert trent opp til å finne dei. Når trøflane nesten er gravne fram, må hunden trekkast hurtig til side slik at dei skjøre delikatessene ikkje vert skada og menneskehender overtar arbeidet med å få opp trøflane på ein nennsam måte.
Ein finn både den svarte og den kvitetrøffelen her. Sidan 1600-talet har den piemontesiske trøffelen vorte sett på som den ypparste hosfeinschmeckarane i dei europeiske hoffa. Av kjente kjennarar av trøffelen kan ein nemne komponistenGioacchino Rossini, som kalla den for «trøflane sitt svar påMozart». Den kvite piemontesiske trøffelen(Tuber magnatum) har alltid vorte rekna som den beste, men det er først sidan 1900-talet at den kvite trøffelen fråAlba har vore internasjonalt kjend. Dette skuldast mellom anna Giacomo Morras sitt arbeide for å gjere den kjend. Denne trøffelen vart «krona» til kongen av trøflar så tidleg som i 1933 avLondon-avisaThe Times.
Markedet for kvite trøflar i Alba er på det travlaste i månadane oktober og november.Tuber magnatum går for mellom 200€ og 400€ pr. hekto.
Svarte trøflar er meir vanlege og mindre aromatiske og finst òg iUmbria-regionen. Dei er ikkje så dyre som dei kvite.
Carpaccio har etter kvart vorte kjend over heile verda. Det er ein forrett som består av lauvtynne skiver av rått kjøt med oljedressing og tynne «høvelspon» avParmigiano dryssa over. Eigaren av ein bar iVenezia kalla retten opp etter den vidkjende venetianske målarenVittore Carpaccio, men denne komposisjonen er likevel frå Piemonte.
Piemonte sine kaker og andre søtsaker vart landskjend under den italienskeRisorgimento (samlinga av Italia). Kjende varemerke erFerrero,Caffarel ogVenchi.
Landsbyen Barolo sett frå nord, med vinmarkene ved landsbyen La Morra.
Foto: Helge Høifødt
Piemonte er eit av dei mest kjende områda i Italia for vindyrking. Over halvparten av regionen sine 700km² vinmarker har kvalitetsklassifiseringaDenominazione di Origine Controllata (DOC), og regionen har i tillegg ein tredel av alle Italia sineDenominazione di Origine Controllata e Garantita (DOCG) – den høgaste kvalitetsklassifiseringa i landet.