Namnet på regionen er avleia av «picard», nemninga brukt av parisarar om alle bønder som heldt til nord for Senlisis og Valois (der bøndene i staden var «bûcherons»). I nord blei alle som ikkje snakkaflamsk kalla picardar. Studentar frå regionen gjekk saman i lag som dei kalla «Nation Picarde» iParis ogOrléans.
I store delar av Picardie snakkar einpicard, ein eigen typefransk språk. Det hadde stordomstida si på 1200-talet, då det blei snakka i heile Picardie, bortsett frå iOise ogAisne i sør, i tillegg til dagens moderne departementPas-de-Calais, store delar avdepartementet Nord og noko av regionaneMons ogTournai i dagensBelgia. Ved byrjinga av 1800-talet hadde parisarfransk teke over. Picard var gått ut av bruk i dei sørlege regionane og blant betrestilte folk, og blei sett på som ein ukultivert bondedialekt.